Velkomen til prøvenominasjon i Bergenhus Venstre

Måndag 15. september inviterer Bergenhus Venstre til prøvenominasjon for Bergen Venstres bystyreliste 2015.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Dato: 15. sept.kl 20:00
Stad: Venstrekontoret på St. Jakobs plass 9

Gamle Rådhus Bergen

Foto: MK

Leiar av Bergen Venstre, Stian Skår Ludvigsen, vil ynskje velkomen. Det blir servert frukt og kjeks.

Alle borgarar som er 16 år på valdagen 2015, ikkje medlem i eit anna parti, og busett i Bergenhus kan fremje og stemme fram kandidatar til Venstre si valliste til lokalvalet neste haust.

Dette er ein open prosess, og vi er difor heilt avhengige av at medlemene spelar inn namn til lista. Prøvenominasjonen har ingen binding, men vil gje nominasjonskomiteen eit viktig signal om kven bydelslaget ynskjer å ha på lista.

Send inn ditt eige namn, eller namnet på andre du meiner fortener å stå på lista, til bydelslagleiar Astrid Hårstad på [email protected]

Vi håpar vi høyrer frå mange av dykk!

Vel møtt til prøvenominasjon!

Facebook-hending finn de HER.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**