Nominasjonen til fylkestinget

Fristen for å melde interesse for gjenval til fylkestingslista for Hordaland Venstre gjekk ut 25. august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Eg har meldt til leiar i nominasjonsnemda at eg ikkje ønskjer gjenval i 2015.

Det er ei vanskeleg avgjerd å ta, då det er mange spennande og viktige politiske prosessar framover, der fylkespolitikken har ein stor og viktig rolle.

Det er eit stort privilegium å få vere politikar på fulltid, og få ha ei aktiv rolle i viktige prosessar som vil prege framtida for regionen.

Det er og eit veldig godt politisk samarbeid med fylkestingsgruppene til H og FrP, der Venstre får gjennomført mykje av eigen politikk.

Når eg likevel seier nei til ein ny periode, er det av private grunnar.

Etter åtte år som heiltidspolitikar, er det viktig for meg å velge vegen vidare saman med familien og kva vi ønskjer i fellesskap dei neste åra.

Helsing

Mona H Hellesnes

Gruppeleiar Venstre si fylkestingsgruppe, og fylkesvaraordførar

Tlf 413 90 461

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**