Årsmøte blir i Advokatfirma Responsa sine lokaler i Isvik, Skjold på laurdag 30. august kl. 12:00. Saksliste er sendt ut til alle medlemmer.
Det er svært gledelig at me no ser ein ny giv for Venstre i Vindafjord. Det er fleire som har lyst til å være med å byggja lokallaget. Dette er starten på noko som vil bli ei knallbra valliste og valprogram i 2015, seier leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde.
Både stortingsrepresentant Iselin Nybø og fylkesleiar Kjartan Alexander Lunde kjem på årsmøte. Dei er begge glade for engasjementet som har komme i Vindafjord.
Venstre har eit stort potensiale i Vindafjord. Så dette er starten på noko bra, seier Lunde.