Torsdag kl. 18.00 i Stord kulturhus vert det ope møte om Torgets framtid. Stord Kommune og Komité for Næring, Miljø, og kultur ved leiar og Venstre-politikar Håkon Frode Særsten arbeida ei stund med dette prosjektet.
Me ynskjer å formidla kor langt me har komme i arbeidet, og samstundes høyra litt om kva tankar andre har, seier Håkon Frode Særsten til Bladet Sunnhordland.
Han er leiar for utvalet som komite for næring, miljø og kultur har sett ned for å utarbeida framlegg til detaljplan for Torget. Møtet er ope for alle, men Særsten håpar særleg at dei som har interesser i Leirvik sentrum, som til dømes huseigarane, vil møta opp for å utveksla meiningar.
Resten av artikkelen kan ein lesa på Sunnhordland sine sider her.