Mariane Sønju Hagestad fortalte om området mellom Tovdalselva og Oggevatn som eit viktig friluftsområde, og om Birkenes Venstres motstand mot å ta hol på eit slikt område. Vindkraftutbygging i urørt naturområde gir store inngrep båd eved bygging av turbinar og særleg ved vegbygginga. Venstre i Birkenes arbeider for å få stoppa denne vindkraftutbygginga.
Trine Skei Grande støtta Birkenes Venstre fullt ut, og sa at Venstre arbeider for langt betre balanse mellom vindkraftutbygging og klassisk naturvern. Ho lova å ta opp kampen overfor regjeringspartia Høgre og Frp. Ei utfordring for Venstre og alle som er opptatt av både miljøvern og naturvern er at også Senterpartiet og Arbeiderpartiet negliserer det klassiske naturvernet, men Venstre tar likevel kampen opp.
I befaringa var også leiar Torunn Sandvand i Agder venstre med, og også ho ga full støtte til Venstre lokalt i Birkenes og Lillesand i denne saka.