Så godt som alle undersøkingar konkluderer med at den viktigaste faktoren for å gjere elevane si læring betre, er læraren. For å satse på skulen må vi difor satse på læraren.
Tal frå SSB seier at vi kan få ei underdekning på om lag 11.000 lærarårsverk i 2020. Samstundes er det om lag 37 000 lærarutdanna i andre yrke, medan det i grunnskulen er opp mot 10.000 lærarar som ikkje har formell kompetanse til å undervise. Dette vil Venstre gjere noko med.
Det er heilt avgjerande at dei om lag 3000 lærarane som hadde sin første arbeidsdag for eitt år sidan, ønskjer å bli verande i skulen, at rekrutteringa av nye lærarar aukar, og at fleire lærarar kjem tilbake til jobben dei i utgangspunktet er utdanna til. Det vil Venstre gjere kva vi kan for å få til. Vi har difor lansert ti tiltak for ein god skule.
Venstres ti tiltak for ein god skule:
1. Løyvingane til kompetanseheving for lærarane har auka i årets statsbudsjett, og kunnskapsministeren har lova at lærarutdanninga skal bli femårig. Dette vil Venstre sjå til at vert skikkeleg gjennomført.
2. Sats på læraren. Venstre vil at dyktige lærarar skal ønskje å bli i skulen og halde fram å undervise. Det ligg inne i lærarløftet at det skal bli etablert nye karrierevegar i skulen, slik at lærarar kan stige i gradene, spesialisere seg, og kunne oppnå høgare løn og status.
3. Ufaglærde lærarar i skulen skal få tilbod om eit skikkeleg kompetanseløft. Slik kan vi sikre høg fagleg kompetanse i skulen og samstundes få erfarne lærarar til å bli.
4. Læraren må ha tid til å vere lærar. Vi må kutte i byråkratiet, redusere forskrifter og fjerne unødvendige rapporteringskrav som stel tid frå kjerneoppgåvene til læraren. Utdanningsforbundet si medlemsundersøking i fjor, viser at 6 av 10 lærarar brukar meir tid på møter, rapportering og administrative oppgåver enn tidlegare.
5. Av same undersøking går det fram at 5 av 10 lærarar med jamne mellomrom utfører arbeidsoppgåver som naturleg høyrer til andre arbeidsgrupper. Difor er det viktig å få fleire ulike yrkesgrupper inn i skulen til å ta dei andre arbeidsoppgåvene, som spesialpedagogar, miljøterapeutar, helsesøster og merkantilt personale. Dette ligg inne i lærarløftet frå samarbeidsregjeringa.
6. Venstre vil få inn 1000 nye helsesøstrer i grunnskulen. Mange elevar sluttar på skulen på grunn av tilhøve som har lite med skulen å gjere. Helsesøstrer er ei viktig førstelineteneste, med god kompetanse og erfaring med å jobbe førebyggande med barn og ungdom. Det er viktig at heile landet har god nok dekning.
7. Studiestøtta må aukast i kroner og lengde for å gje studentar ein økonomi de kan leve av. Slik som det er no har dei med rike foreldre større sjanse til å komme seg gjennom studiet med gode karakterar, enn dei som har fattige foreldre. Her er det staten si oppgåve å gje like moglegheiter til alle.
8. Gratisprinsippet skal fortsatt gjelde i høgare utdanning. Verken norske eller utanlandske studentar skal betale studieavgifter på statlege universitet og høgskular. Her fekk regjeringa fleirtalet mot seg i Stortinget, og Venstre skal halde fram med å kjempe denne kampen for studentane.
9. Forsking er ein føresetnad for ny kunnskap og kritisk tenking. Venstre vil ha fleire leiande, internasjonale og mangfaldige forskings- og utdanningsmiljø i Noreg som skal vere representert blant de fremste i verda. Venstre fekk i revidert statsbudsjett styrka forskinga gjennom ei auke på 50 millionar fordelt på statlege universitet og høgskular og private høgskular, og 15 millionar til nye forskingsinstitutt. Dette er ein god start, men det er framleis langt att for å styrke miljø som er eller har potensiale til å bli verdsleiande på sine fagfelt.
10. Læring startar i barnehagen. Difor vil Venstre auke kvaliteten i barnehagen. Vi må ha meir fleksible opptak slik at barn slepp å vente eitt år på å få plass. I tillegg må vi få rimelegare barnehage for dei som treng det, slik at trong økonomi ikkje hindrar barnehagestarten.
Politikk handlar om å prioritere. Dei siste åtte åra har dei raudgrøne partia gjennomgåande prioritert feil i skulepolitikken. De store pengane har blitt brukt på utviding av timetalet og på frukt og grønt, medan tiltak knytt til den viktigaste innsatsfaktoren for elevane si læring, nemleg læraren, har vore altfor defensiv.
Venstre vil prioritere annleis.
Det vi treng er mange nok motiverte, trygge, kompetente vaksenpersonar som kan gjere den viktige jobben i klasserommet. Det fortener norsk skule og norske elever.
Gunhild Berge Stang
Fylkesleiar, Sogn og Fjordane Venstre