På bildet Odd Einar Dørum saman med Ida Hovet, Unge Venstre, lokallagsleiar Cato Christensen i Evje og Hornnes Venstre og kommunestyremedlem Torhild Austad i Bygland.
-Venstre er liberalt, sosialt og grønt, sa Dørum og undertsreka at det erbalansen mellom det liberale, det sosiale og det grøne som skapar eit heilskapleg parti. Han trekte linjene frå dei Castbergske barnelovene som Gunnar Knudsens Venstreregjering gjennomførte, med like rettar også for ungar fødde utanfor ekteskap, via Signe Marie Stray Ryssdals viktige og framsynte reformarbeid på 1960-talet til å vise respekt for menneskeverdet også for tiggarane frå fattige land. – Også tiggarar skal behandlast som folk, sa den tidlegare justisministeren.
Møtedeltakarane reiste spørsmål om landbrukspolitikk, det harde presset for vindkraftutbygging i Bygland og mangelen på lærlingeplassar i Evje og Hornnes. Venstre har kommuenstyremeldemer både i Bykle, Valle, Bygland og Iveland, og alt ligg nå til rette for Venstreliste også i Evje og Hornnes i 2015, melder lokallagsleiar Cato Christensen i Evje og Hornnes Venstre.
—