Flytt statlege arbeidsplassar ut av storbyane!

For skape vekst og tilflytting over heile landet, er eit mangfald av spennande arbeidsplassar også utanom dei største byane viktig. Venstre vil no satse målretta på å lokalisere fleire statlege kompetansemiljø til distrikta – etter åtte års raudgrøn sentralisering av statlege arbeidsplassar til Oslo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

arbeidslivspolitikk

Venstre har i vår lagt fram framlegg i i Stortinget om offensive tiltak og ein heilskapleg strategi for utflytting av statlege arbeidsplassar – og gledeleg nok fått støtte frå eit stort fleirtal også i dei andre partia.

Det er vi glade for. Venstre vil passe på og syte føre at Regjeringa følgjer opp Stortinget sitt vedtak av Venstre-framlegget om utflytting av statlege arbeidsplassar.

Sist Venstre sat i Regjering saman med Krf og Høgre i åra 2001-05, vart mange statlege direktorat og andre kompetansemiljø flytta ut frå Oslo. Dei siste åtte åra med Ap og Sp i Regjering har det motsette skjedd: Ap/Sp-regjeringa oppretta over 6.000 nye statlege arbeidsplassar i Oslo, medan så godt som ingen statlege kompetansemiljø vart flytta ut frå Oslo/Akershus.

Desentralisering av statlege arbeidsplassar handlar om å spreie makt, bygge opp kompetansemiljø og tilrettelegge for livskraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar over heile landet. To gode døme på at slik utflytting er mulig og riktig er flyttinga av Lotteri- og Stiftingstilsynet til Førde og lokaliseringa av store deler av Direktoratet for forvalting og IKT (DiFi) på Leikanger i Sogn. Det har vore vellukka både for institusjonane, som ikkje har hatt problem med å rekruttere kompetent arbeidskraft, og for regionen dei er etablert i.

Av nye statlege institusjonar Venstre meiner no bør flyttast ut frå Oslo er Statens landbruksforvaltning og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). I tillegg er det viktig for Venstre at statlege etatar som Regjeringa planlegg å samle i færre einingar, til dømes Skatteetaten, planmessig lokaliserer desse einingane utanom dei største byane.

Då tek vi heile landet i bruk – i praksis! Etter åtte år med raudgrøn statssentralisering er det på høg tid å snu trenden. Det vil Venstre gå i bresjen for.

Andre Skjelstad, medlem i Kommunalkomiteen på Stortinget (Venstre)
Alfred Bjørlo, sentralstyremedlem i Venstre og ordførar i Eid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**