Reagerer på elbil-retrett

Venstre i Bergen liker dårleg at Øyrane Torg har fjerne elbil-plassar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Horn5

Foto: Mathias Fischer

I førre avis skreiv Bygdanytt om at sentralleiinga har fjerna elbil-symbolet på asfalten på dei seks plassane på austsida av senteret som var reservert for dei med elbil. Fleire elbileigarar har reagert på dette, og no får dei støtte av Venstre, som vil vurdera å stilla krav om elbilparkering på kjøpesentra.

– Øyrane Torg var eit godt førebilete. Difor er det svært trist at dei no reduserer tilbodet til elbileigarar, seier Erlend Horn, som sit i bystyret for partiet.

Må ha ladepunkt
Han meiner at dersom dette blir vanleg praksis, bør kommunen vurdera å innføra strengare krav om elbilparkering ved kjøpesentra.

– Her vil vi svært gjerne ha næringslivet med på ei elbilsatsing, men vi er ikkje redde for å stilla krav dersom dei ikkje prioriterer miljø. No ser vi at salet av elbilar byrjar å ta av. Skal vi halda trykket oppe, er vi heilt avhengige av å reservera parkeringsplassar for elbil. Parkering med ladepunkt er ein føresetnad for at det går an å bruka elbil i kvardagen, seier Horn.

Regelendring
– Kan kommunen tvinga næringslivet til å satsa på dette?

– Vi håpar næringslivet sjølv vil prioritera elbilparkering, men går dette for treigt må vi vurdera regelendringar. Det er ikkje lenge til kommunen skal vedta nytt reglement for parkering, For Venstre kan det bli aktuelt å stille krav om at ein viss del av alle parkeringsplassar skal vere tilrettelagte og reserverte for elbil og andre nullutsleppsbilar, seier Horn.

Les heile saka på side 8 i Bygdanytt onsdag 9. juli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**