Det seier Venstres medlem i Kommunalkomiteen på Stortinget, André Skjelstad, etter møte med Sogn og Fjordane fylkeskommune på Hermansverk 3. juli i regi av SFj Venstre.
– For Venstre er det overordna målet å gi likeverdige tenester til folk over heile landet. Sogn og Fjordane har særskilte utfordringar knytt til mellom anna vidaregåande utdanning og kollektivtransport som det ikkje er tatt omsyn til i det nye inntektssystemet, og som etter Venstre sitt syn gjer det nødvendig å få på plass ein ulempekompensasjon som ikkje ligg inne i dag., seier André Skjelstad.
Andre Skjelstad trekk mellom anna fram at Sogn og Fjordane allereie er det fylket der størst andel av ungdommen bur på hybel for å ta vidaregåande utdanning.
– Eg merkar meg også at den lokale kollektivtrafikken i det sentrale austlandsområdet i stor grad blir produsert av NSB på staten si rekning, medan kollektivtrafikk i eit fylke som Sogn og Fjordane i sin heilskap må dekkast av fylkeskommunen. Dette er ikkje kompensert i inntektssystemet, og dette er noko som må rettast opp, seier Venstres medlem i Kommunalkomiteen.
– Samtidig må det understrekast at det uansett kva som skjer på Stortinget til hausten vil bli store omstillingsbehov i fylkeskommunen knytt til endringar i folkesamansetnaden i landet vårt. Eg meiner spesielt det blir viktig for Sogn og Fjordane å ta grep for å redusere gjeld og kapitalutgifter, seier André N. Skjelstad.
På biletet øverst er fylkestingsrepresentant Klaus Iversen, fylkesleiar Gunhild Berge Stang, fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo, Stortingsrepresentant Andre Skjelstad og Fylkesrådmann Tore Eriksen
—-
Med på møtet med André Skjelstad var Fylkesrådmann Tore Eriksen, Sogn og Fjordane Venstre v/leiar Gunhild Berge Stang og nestleiar Halvor Halvorsen og fylkestingsrepresentantane Klaus Iversen og Alfred Bjørlo. André Skjelstad besøkte også DiFi og Fosshaugane Campus på besøket sitt i Sogndal/Leikanger.
For kommentarar:
Stortingsrepr. og medlem i Kommunalkomiteen André N. Skjelstad, mobiltlf 908 91 041
Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre Gunhild Berge Stang, mobiltlf 976 53 785