INTERPELLASJON FRÅ SKODJE VENSTRE
HÅHJEM NÆRINGSOMRÅDE KAIOMRÅDET OG NÆROMRÅDET RUNDT
Det har lenge vore merksemd knytt til gjeldande reguleringsføresegner for næringsområdet på Håhjem, spesielt omgrepa støy, lukt og støv i samband med aktivitet på kaiområdet og bygg i vestgrensa.
Dette gjeld tilhøvet til småbåthamna og turistanlegga, men også privatbusetnaden i vest. Noko som kan få auka omfang i samband med det nye byggefeltet som no er under utbygging.
Skodje kommune har som visjon at vi skal vere bukommune med mangfald, utfordringar og trivsel. Dette må vel gjelde alle som kjem til vår kommune, både næringsliv, fastbuande og gjestar?
Kan dagens føresegner i reguleringsplanen for området gi føreseielege og akseptable tilhøve for støy, lukt og støv? Kan vi vere sikker på at helgefreden vert praktisert og at det er nattero å få?
Difor, gode ordførar, lurer Skodje Venstre på kva som faktisk er sett i verk av tiltak for å sikre at vi oppfyller visjonen vår i området på Håhjem næringsområde og i nabolaget?
Vi har som kommune gjeve løyve til å etablere Håhjem Næringsområde og seinare gjeve løyve til oppstart av to turistanlegg i umiddelbar nærleik til dette næringsområdet. Difor er det vårt ansvar å sjå til at alle desse kan utvikle seg og fungere til nytte for regionen.
Slik vi ser det er det no trong for å få på plass støydempande tiltak på næringsbygg som ligg i den vestre delen av området. I tillegg vil det vere viktig å få til klare reglar for når kaianlegget skal kunne nyttast, samt gode tiltak for å skjerme omgjevnadane for unormalt høg støy og avfall.
Det vil vere naturleg å tenkje at kaianlegget må kunne ha aktivitet måndag fredag td. i tidsrommet 07:30 19:30, til kl. 17:00 i juni-september og med mogleg stenging i ein periode i feriesesesongen.
Skodje Venstre har i samråd og etter drøfting med rådmannen slikt avstemmingsframlegg:
Skodje kommunestyre ber rådmannen snarast råd sette i gong ein gjennomgong og juridisk vurdering av om det kan gjennomførast tiltak og reguleringar av aktivitet innanfor dagens reguleringsføresegner, som gjev føreseielege tilhøve for næringsaktiviteten og fastbuande i området. Under dette også reguleringar av kva tid kaianlegget skal vere ope for aktivitet.
Dersom dagens reguleringsplan ikkje gjer dette mogleg, må det snarast igongsettast arbeid for å få endra/rullert reguleringsplanen med tanke på å oppnå akseptable og føreseielege tilhøve.