Etter sist fylkesting var frustrasjonen stor, og Giske Venstre med Ove Paulsen i spissen fekk med seg eit einstemmig kommunestyre på ein uttale som blir adressert både til fylkesting, vegvesen og ikkje minst brannvesenet. Uttalen les du her:
Giske kommunestyre ser svært alvorleg på at midlane som blei lovd til renovering av Godøytnnellen er stroken frå prioriteringslista for vedlikehald av fylkesvegane i perioden 2015 – 2023.
Med 2. prioritet og 171 million på dagens liste, kan ikkje kommuna akseptere at det kun investeres et mindre beløp til kommunikasjon og ny asfalt i tunnelen., for deretter å bli skjøvet ut forbi 2023.
I ei tid med stadig aukande bruk i forbindelse med auka aktiviteter og turisttilstrømming til Alnes, gardbrukarar med traktorer og utstyr som skal drifte på alle øyane, skuletransport og annleggstransport med tungt utstyr, og aukande busetting med meir pendling, så opplevast vi m.a. at takplater ramlar ned! Det er no fjerna 100 m med takplater som igjen aukar lekkasjene til veibana, og øydelegg både bana og bilane. Lyssetting i tunnelen opplevast som minimum og brannsikringa er ikkje godkjent etter dagens krav og standard.
Alt dette er statens vegvesen godt kjend med og kommuna kan ikkje akseptere at det må skje alvorlege ulykker før tunnelen blir oppgradert til godkjent og sikker standard.
Giske kommune forventar at tunnelene beheld sine midlar, og at renoveringa blir påbegynt etter tidlegare vedtatte prioriteringsliste.