Til medlemene i Evje og Hornnes Venstre
Velkomen til kontaktmøte i Evjeheimen, i møterommet kalt “Skoddeheimen” med inngang lengst til høgre når du ser mot heimen. Torsdag 19. juni kl 1730
Fylkesleiar Torunn Sandvand, fylkesleiar Anders Hurum i Unge Venstre og fylkessekretær Jan Kløvstad kjem, som del av besøksrunden i lokallaga.
På saklista står:
– Viktige spørsmål for Venstre på Agder og i Evje og Hornnes.
– Listestilling 2015 Evje og Hornnes. Rekruttering og arbeidsmåte, tidsplan. Besøk av Trine Skei Grande og Per Magnus Finnanger Sandsmark frå Venstres Hovedorganisasjon i september 2014.
– Sommararrangement med tidlegare justisminister Odd Einar Dørum i Evje og Hornnes i veka 19.-25. juli. Tid og stad?
– Naturligvis 2014 skal Venstre vere med der?
– Og andre ting møtedeltakarane er opptatte av.
Vel møtt!