Kven skal få Hordaland Venstre sin miljøpris 2014?

Kvart år deler Hordaland Venstre ut ein miljøpris på/rundt den internasjonale Miljødagen 5. juni.
No oppmodar vi medlemmene til å kome med framlegg på verdige kandidatar for 2014. Prisen kan gå til ein person eller ein organisasjon.
Fylkesstyret er jury for utveljinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Som retningsliner for juryen sitt arbeid, har Hordaland Venstre utarbeidd desse statuttane:
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført prosjekt for å ta vare på verdifulle naturområde, nærmiljø, klima, kulturlandskap, kulturmiljø eller matjord.
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt i eigen organisasjon t.d. energiøkonomisering.
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt for å skapa bærekraftige lokalsamfunn.

Send ditt framlegg til fylkessekretæren på e-post: [email protected] eller ring 55 55 30 60 innan 21. mai klokka 16:00!
Framlegget ditt må ha ei grunngjeving med litt nærare informasjon om kandidaten.

Desse har fått prisen dei siste åra:
2013 – Besteforeldrenes Klimaaksjon
2012 – Bedrifta Bergen Engines AS
2011 – Bedrifta Den Grønne Sykkel
2010 – Ungdomsråda i Granvin og Ulvik
2009 – M/S Snarveien

Mathias Fischer deler ut miljøpris til Besteforeldrenes klimaaksjon

Foto: Tallak Rundholt

I 2013 gjekk miljøprisen til Besteforeldrenes Klimaaksjon og ungdomskandidat Mathias Fischer overrekte den.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**