Ynskjer utsleppsfri kollektivsektor innan 2025

Venstre sine representantar i både samferdsleutvalet og kultur og ressursutvalet til Hordaland fylkeskommune foreslo i sine møter tysdag at Hordaland skal ha ein utsleppsfri kollektivsektor innan 2025.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det var i samband med behandlinga av regional klima- og energiplan for Hordaland 2014-2030 at desse forslaga vart fremma.

I framlegget til regional klima- og energiplan for Hordaland 2014-2030 er reduksjon av klimagassutslepp eit av dei viktigaste måla.

Alf Helge årsmøte

Foto: Mathias Fischer

– Det må vere ei målsetting å syte for at veksten i regionen blir møtt med klimavenleg kollektivtransport — seier Alf Helge Greaker, nestleiar i samferdsleutvalet.

– Teknologiutviklinga har komme langt dei siste åra. Med ei slik utvikling er det fullt mogleg å få til eit utsleppsfritt kollektivtilbod innan 2025. Det vil vere eit viktig bidrag til målsetnaden om reduksjon i klimagassutsleppa, men og for den lokale luftforureininga som Bergen slit med særleg på kalde vinterdagar – seier Anne-Beth Njærheim, leiar i kultur og ressursutvalet.

Anne-Beth Njærheim

Foto: ukjent

Forslaget fekk dog ikkje fleirtal i samferdsleutvalet, men vart samrøystes vedteke i kultur og ressursutvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**