Vaksenopplæring på nynorsk

Fleirtal for nynorsk i vaksenopplæringa i komite for oppvekst og utdanning. Geir Angeltveit foreslår at ein får dette inn i budsjettet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


som verdas største nynorskkommune har det lenge vore eit paradoks at kommunen har bedrevet vaksenopplæring på bokmål for dei framandspråkelege i kommunen.

Dette ser det no ut til å endrast på etter at eit fleirtal av medlemma i komite for oppvekst og utdanning gjekk inn for Geir Angeltveits klåre forslag om å gå for nynorsk i vaksenopplæringa. Dette forslaget fekk støtte frå tre medlem av Arbeidarpartiet og to frå Senterpartiet. Høgre og Framskrittspartiet røysta mot.

Administrasjonen innstilte på at opplæringa framleis skulle skje på bokmål, som i dag.

“Eg meinar det er naturleg for Stord som største nynorskby å ha nynorsk i vaksenopplæringa. Me har vore ei sinke i denne saka.” sa Angeltveit til Sunnhordland.

Saka vil utvilsomt medføra nokre investeringskostnadar og må difor inn i budsjettet.

“Men det vil ikkje kosta 700.000kr som rådmannen har rekna seg til. Det er ikkje naudsynt med smartboard.” avsluttar Angeltveit.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**