– Verda står framfor ein energirevolusjon med overgang frå fossil til fornybar energi. Sogn og Fjordane må no vere «på hogget» med våre enorme muligheter for ny verdiskaping knytt til fornybar energi. Dersom vi satsar, kan vi bli fornybarregion nr 1 i Noreg. Vi er glade for å få høve til å syne leiaren i Energi- og miljøkomiteen nokre av dei unike kompetansemiljøa vi har i fylket, seier sentralstyremedlem i Venstre, Alfred Bjørlo og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang.
Besøksrunden blir som følger:
Måndag 14. april
Sandane kl 1130-14: Besøk hos SFE.
SFE er fylkets største energiselskap og ein av dei ti største kraftprodusentane i landet. Tema blir behovet for nettutfordringar, EUs vassdirektiv, fornybarmålet, småkraft, vindkraft mm.
Nordfjordeid kl 15-18: Informasjon om Fjordvarme og smart energibruk.
Eid har landets største Fjordvarme-anlegg, og arbeider no for å spreie kunnskap og satsing på fjordvarme nasjonalt. Ola Elvestuen vil også få informasjon om det nyoppretta Energikompetansesenteret (EKS) og behovet for å bygge tverrfagleg kompetanse/ utdanning på smart energibruk.
Tysdag 15. april
Måløy kl 0930-1230. Besøk Local Host og Stadyard/Havkraft: Grøn datalagring og bølgekraft
Informasjon om planane om verdas største grøne datasenter, Lefdal Mine Datacenter. Besøk for å sjå bygging av prototyp for ny type bølgekraftverk i regi av grunderselskapet Havkraft AS.
Svelgen kl 14-16: Besøk hos Elkem Bremanger
Bedriftsbesøk. Informasjon om utfordringar knytt til mulig omlegging av nettleige-tariffar.