Venstre ønskjer sykkelmidlar

I samband med statsbudsjettet for 2014, fekk Venstre gjennomslag for innføring av ei ordning for alle kommunar som satsar på sykkel. No ønskjer Venstre at Voss Kommune skal søkja om midlar, for å kunna investera i ulike tiltak for sykkelen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Ordninga med sykkelmidlane er tenkt å minna om kollektivordninga i dei større byane, men er meir aktuelle for mindre kommunar utan bymiljøavtalar, som til dømes Voss. Om ein månad vil samferdsleministeren i lag med kollegiet, leggja fram revidert nasjonalbudsjett og koma attende til ordninga.

Voss Venstre meiner det er avgjerande at Voss kommune allereie no søkjer om framtidige sykkelmidlar, sjølv om planen for sykkel ikkje er ferdigstilt.

-Voss treng eit løft på sykkel. Satsing på sykkel er ikkje å velja vekk bilens plass på Vangen, men eit både og. Viss slike som meg sjølv, som bur i ein radius på eit par kilometer frå Vangen, vel sykkelen, vil dette frigje plass og rom til dei som treng bilen når dei skal inn i sentrum, seier Knut Olav Nestås i Voss Venstre.

Voss Sykkel Nestås

Foto: Vidar Herre/Avisa «Hordaland»

Døme som kan vera aktuelle for Voss er:
-Fleire sykkelskur og parkeringsplassar for sykkel på dei største arbeidsplassane, butikkane og tenestetilboda
-Ny sykkeltrasé/sykkelveg i og rundt sentrum
-Trygging av skuleveg
-Ei ordning med «by-syklar», som er fritt tilgjengelege for folk som er på til dømes Vangen eller Amfi

– No er det viktig at både næringsdrivande og offentlege instansar, som ser potensialet i å leggja til rette for sykling, tek kontakt med oss og kjem med innspel til kva ein eventuell søknad kan innehalda. Det same gjeld sjølvsagt dei som anten syklar allereie, eller som vil nytta sykkelen meir i framtida. Sykkelsatsing er viktig, og handlar om miljø, helse og trygg ferdsle for både gåande, syklande og kjørande, seier Nestås, som òg varslar ein interpellasjon om saka i neste kommunestyremøte 10. april.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**