Vedtatt uttalelse: Nei til fjorddeponi — ja til arbeidsplassar

Venstre krev at regjeringa seier NEI til gruveavfall i norske fjordar. Norge er eitt av berre fem land i verda som nyttar sjø og fjordar til deponering av gruveavfall. Dei øvrige landa er Indonesia, Tyrkia, Papua Ny-Guinea og Filippinene. Londonkonvensjonen mot forureining av havet set forbod mot dumping av avfall til havs. Det er ingen grunn til å tru at fjordsystema er mindre sårbare for slik avfallsdumping enn havsområda

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Gruveselskapet Nussir har fått klarsignal frå nærings og fiskeridepartementet om oppstart av utvinning av koppar i Repparfjorden i Finnmark, med deponering av avgangsmassar i sjø på berre 50 meters djup. Dette til tross for sterke advarslar frå ei rekke av dei fremste fagmiljøa på marine ressursar i Norge, blant anna Havforskningsinstituttet og Direktoratet for naturforvaltning. Repparfjorden er ein grunn fjord, med sterke strømmar, noe som vil føre til stor risiko for spreining av giftige partiklar heilt ut til Barentshavet og omkringliggande oppdrettsanlegg og kystfisket. Fylkesmannen i Finnmark har stilt seg tvilande til om eit sjødeponi vil være innafor dei verdiar EU sitt vanndirektiv sett for tiltak som påverkar vattenkvaliteten. Sametinget stør heller ikkje planane om gruvedrift i Repparfjorden.
Repparfjorden er ein viktig gyteplass for torsk og ein nasjonal laksefjord, der mellom anna oppdrettsvirksomhet sjås på som ein for stor miljørisiko til at næringa får innpass innerst i fjorden, også der kor Nussir nå søker om å ha sjødeponi. Sist det var gruvedrift i Repparfjorden, for 50 år sidan, ble alt botnliv lagt dødt, fisken var ikkje lenger egna som menneskeføde og smolten i lakseelva blei kraftig redusert.

Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord som ligg midt mellom verdsarvfjordane Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Laksefisket i det nasjonalt verna laksevassdraget Nausta er å betrakte som eit nasjonalt reisemål, og etter mange års freding er storlaksestammen i Jølstra på frammarsj. I gruveplanane i Førdefjorden, vil utsleppet av dei finaste partiklane vil utgjere opp mot 30.000.000 tonn i løpet av prosjektet si levetid. Havforskningsinstituttet har estimert at desse partiklane, utifrå målt havstraum, kan bevege seg 14-54 km før dei sedimenterer. Faren for spreiing av finpartiklar med tilhøyrande nedslamming av store delar av fjordsystemet er overhengande. Oppmaling av knust fjell fører til ei stor mengde svært små partiklar, såkalla nano-partiklar. Det er først dei siste åra at ein har starta med å sjå på nanopartiklar som risiko for helse og naturmiljøet. På bakgrunn av det ein veit om konsekvensane ved fjorddeponi, går ei samla fiskeri- og havbruksnæring i nærområda i mot fjorddeponi.

SINTEF har starta opp eit 5-årig forskningsprosjekt for å få betre kunnskap om korleis ein eventuelt bør anlegge fjorddeponi. Den kunnskapen har ikkje regjeringa tenkt å vente på før dei gjev sine ja.

Konfliktnivået kring gruveprosjekta er forholdsvis høge og er i hovudsak polarisert mellom naturvern og eksisterande næringsliv i havbruk og fiskerinæring opp i mot behovet for fleire arbeidsplassar og folkevekst.

Venstre meiner at regjeringa i slike saker kan spele ei aktiv rolle og ivareta begge omsyn gjennom ein fornuftig miljøpolitikk og målretta bruk av eigne verkemiddel for næringsutvikling og etablering av arbeidsplassar i dei aktuelle områda.

Venstre meiner:
•Føre var-prinsippet må liggje til grunn i forvaltninga av fjordane våre og det må seiast nei til fjorddeponi.
•Det marine fagfeltet må utvidast og det bør satsast på fjordforsking. Forsking på norske fjordar bør styrkast, og det bør bli etablert eit nasjonalt senter for fjordforsking .
•Interessene til ei samla fiskeri- og havbruksnæring må vektleggjast av regjeringa, og ein må sjå på korleis regjering kan kompensere tap av gruvearbeidsplassar så lenge ein ikkje har meir miljøvenlege måtar å hente ut verdiane på.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**