Gruveselskapet Nussir har fått klarsignal frå nærings- og fiskeridepartementet om oppstart av koparutvinning i Repparfjorden i Finnmark, med deponering av avgangsmasser i sjø på kun 50 meters djupne. Dette til tross for sterke advarslar frå ei rekke av de fremste fagmiljøa på marine ressursar i Noreg, mellom anna Havforskningsinstituttet og Direktoratet for naturforvaltning. Repparfjorden er ein grunn fjord, med sterke straumar, noko som vil føre til stor risiko for spreiing av giftige partiklar heilt ut til Barentshavet og omkringliggjande oppdrettsanlegg og kystfisket. Fylkesmannen i Finnmark har stilt seg tvilande til om eit sjødeponi vil vere innanfor dei verdiar EUs vanndirektivet set for tiltak som påverkar vasskvaliteten. Sametinget støttar heller ikkje planane om gruvedrift i Repparfjorden.
Repparfjorden er ein viktig gyteplass for torsk og ein nasjonal laksefjord, der m.a. oppdrettsverkssemd sjåast på som ein for stor miljørisiko til at næringa får innpass innerst i fjorden, også der Nussir no søker om å ha sjødeponi. Førre gong det var gruvedrift i Repparfjorden, for 50 år sidan, vart alt botnliv lagt dødt, fisken var ikkje lenger eigna som menneskeføde og smolten i lakseelva vart kraftig redusert.
Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord som ligg midt mellom verdsarvfjordane Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Laksefisket i det nasjonalt verna laksevassdraget Nausta er å betrakte som eit nasjonalt reisemål, og etter mange års freding er storlaksestammen i Jølstra på frammarsj. I gruveplanane i Førdefjorden, vil utsleppet av dei finaste partiklane vil utgjere opp mot 30.000.000 tonn i løpet av prosjektet si levetid. Havforskningsinstituttet har estimert at desse partiklane, utifrå målt havstraum, kan bevege seg 14-54 km før dei sedimenterer. Faren for spreiing av finpartiklar med tilhøyrande nedslamming av store delar av fjordsystemet er overhengande. Oppmaling av knust fjell fører til ei stor mengde svært små partiklar, såkalla nano-partiklar. Det er først dei siste åra at ein har starta med å sjå på nano-partiklar som risiko for helse og naturmiljøet. På bakgrunn av det ein veit om konsekvensane ved fjorddeponi, går ei samla fiskeri- og havbruksnæring i nærområda i mot fjorddeponi. SINTEF har starta opp eit 5 årig forskningsprosjekt for å få betre kunnskap om korleis ein eventuelt bør anlegge fjorddeponi. Den kunnskapen har ikkje regjeringa tenkt å vente på før dei gjev sine ja.
Konfliktnivået kring gruveprosjekta er forholdsvis høge og er i hovudsak polarisert mellom naturvern og eksisterande næringsliv i havbruk og fiskerinæring opp i mot behovet for fleire arbeidsplassar og folkevekst.
Venstre meiner at regjeringa i slike saker kan spele ei aktiv rolle og ivareta begge omsyn gjennom ein fornuftig miljøpolitikk og målretta bruk av eigne verkemiddel for næringsutvikling og etablering av arbeidsplassar i dei aktuelle områda.
Venstre meiner:
Føre var-prinsippet må liggje til grunn i forvaltninga av fjordane våre og det må seiast nei til fjorddeponi
Det marine fagfeltet må utvidast og det bør satsast på fjordforsking. Forsking på norske fjordar bør styrkast, og det bør bli etablert eit nasjonalt senter for fjordforsking
Interessene til ei samla fiskeri- og havbruksnæring må vektleggjast av regjeringa, og ein må sjå på korleis regjering kan kompensere tap av gruvearbeidsplassar så lenge ein ikkje har meir miljøvenlege måtar å hente ut verdiane på.