Opent brev til KS: Tillit og samarbeid

Her kan du lesa det opne brevet som Venstre i Ulvik, Granvin og på Voss, sende til KS sentralt og KS Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det føregår eit merkeleg spel om lærarar og skule for tida. Saka gjeld lærarane sin arbeidstidavtale,
der lærarorganisasjonane og arbeidsgjevarorganisasjonen; KS, er heilt på kollisjonskurs.

KS sitt forhandlingsutspel inneber at det meste av sentralt avtalte arbeidstidsreglar skal sløyfast slik at den einskilde rektor skal avgjera arbeidstida etter forhandlingar på den einskilde skulen, og at noverande arbeidstid på skulen skal kunna utvidast med nesten 6 veker.

Lærer

Foto: Microsoft

Som grunngjeving viser KS m.a. til ei undersøking i fjor mellom skuleleiarar og skuleeigarar (lokalpolitikarar?). Men det store fleirtalet av dei spurde ønskjer framleis ein arbeidstidsavtale som sikrar like vilkår uavhengig av kvar ein underviser i landet. Rett nok ønskjer ein del ei viss oppmjuking av regelverket, men – så langt me no kjenner til — er denne ikkje i nærleiken av KS sitt utspel. Og KS grunngjev elles forslaget med behov for større styring med arbeidstida — men sannsynleggjer ikkje at nyordninga vil gi ei betre undervisning for elevane.

Og elevane skal stadig ha det same talet undervisningsveker. Men det er i desse vekene lærarane arbeider lange dagar og i helger for at læringssituasjonen skal vera best mogeleg! Dvs. med eit lengre arbeidsår for lærarane må nokre oppgåver skjerast bort i tida elevane er på skulen. Kva for nokon, KS?

Det merkelege er altså at KS på basis av ei svært tynn grunngjeving kjem med krav som dei måtte vita ville føra til konfrontasjon og kollisjon med lærarane. Og dette skjer samstundes med at eit samla Storting går inn for ei sterk satsing på skule med læraren som avgjerande element!

Voss Ungdomsskule

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

Finland har best skule i Norden. Arbeidsvilkåra for lærarane der er prega av stor fridom og tillit. KS synest å gå motsett veg!

Også i Noreg vil tiltru til lærarane og eit godt samarbeid vera avgjerande for ein god skule. Me lokalpolitikarar er svært bekymra over situasjonen, og ber KS trekkja tilbake forhandlingskrava sine og søkja ein ny og konstruktiv dialog med lærarane!

Helsing,

Håkon Gjerde, Atle Seim og Knut Olav Nestås, Venstre i Ulvik, Granvin og Voss

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**