Fylkeskommunen må tilrettelegge for sykkel på eigne skular

I fylkesutvalet 27.mars stilte Mona Haugland Hellesnes spørsmål til fylkesrådmannen om korleis sykkelparkering er tilrettelagt på fylkeskommunale eigedomar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Sykkel er eit viktig transportmiddel som det bør leggjast til rette for at fleire kan nytta dagleg. I Hordaland fylkeskommune sin kollektivstrategi som i desse dagar er på høyring, er det vist til ei forventa dobling av talet sykkelreiser frå 2012-2040.

Sykkelparkering ved Lørenskog stasjon

Foto: Lørenskog Venstre

– Hordaland fylkeskommune bør vere fremst på tilrettelegging for å bidra til at vi lukkast med måla i kollektivstrategien, seier Venstre sin gruppeleiar Mona Haugland Hellesnes.
Det finnes fleire typar løysingar for sykkelparkering under tak. I Danmark er det fleire byar som har automatiske sykkelparkeringsanlegg med tilhøyrande sikring mot tjuveri, og det er byar som berre har enkle overbygg mot regn og snø.

– Hordaland fylkeskommune bør følgje eksempla frå byar som Tromsø og Sandnes der sykkelparkering under tak er eit krav, seier Haugland Hellesnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**