Utsleppet av dei finaste partiklane vil utgjere opp mot 30.000.000 tonn i løpet av prosjektet si levetid. Havforskingsinstituttet har estimert at desse partiklane, utifrå målt havstraum, kan bevege seg 14-54 km, før dei sedimenterer. Faren for spreiing av finpartiklar med tilhøyrande nedslamming av store delar av fjordsystemet er overhengande.
Norge er eit av berre fem land i verda som nyttar sjø og fjordar til deponering av gruveavfall. Dei øvrige landa er Indonesia, Tyrkia, Papua Ny-Guinea og Filippinane.
Oppmaling av knust fjell fører til ei stor mengd svært små partiklar, såkalla nano-partiklar. Det er først dei siste åra at ein har starta med å sjå på nanopartiklar som risiko for helse og for naturmiljøet. Det marine fagfeltet bør utvidast, og det bør satsast på fjordforsking. Forsking på norske fjordar bør styrkast, og det bør bli etablert eit nasjonalt senter for fjordforsking i fylket.
Sogn og Fjordane Venstre ber regjeringa seie NEI til deponering av gruveavfall i Førdefjorden, og mineralane bør ligge i fjellet til ein har vesentleg meir miljøvennlege måtar å hente ut verdiane på.
Det planlagte gruveprosjektet ligg i Naustdal kommune, ein liten landbrukskommune midt mellom dei to største byane i fylket. Som følgje av arbeidsplassane gruveprosjekt vil kunne medføre, er kommunen i gang med å realisere Fjordlandsbyen, eit utbyggingsprosjekt med over 300 bu-einingar. Det er etablert innovative barnehagetilbod, og ein satsar på utvikling av skulen. Kommunen er med andre ord rigga for vekst midt i den største arbeidsmarknadsregionen i fylket.
Sogn og Fjordane Venstre seier NEI til gruveavfall i Førdefjorden og JA til arbeidsplassar til Naustdal!
Konfliktnivået kring Engebø-prosjektet er forholdsvis høgt, og er i hovudsak polarisert mellom naturvern og trong for arbeidsplassar og folkevekst. Sogn og Fjordane Venstre meiner at regjeringa her kan spele ei aktiv rolle og ivareta begge syna, gjennom ein fornuftig miljøpolitikk og aktiv lokaliseringspolitikk.
Sogn og Fjordane Venstre krev difor at regjeringa seier NEI til fjorddeponi og kompenserer dei planlagte arbeidsplassane, ved å etablere tilsvarande tal statlege kompetansearbeidsplassar i kommunen, til det beste for miljøet, kommunen og regionen som heilheit.