Uakseptabelt med fjorddeponi

Reguleringsplanane for gruvedrift i Kvalsund i Finnmark er godkjent av kommunalminister Jan Tore Sanner. – Ein ikkje kan godkjenne planane om eit fjorddeponi i Repparfjorden. Skal du ha gruvedrift må du ha sikre deponi, og dei må vere på land, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


– Det vil vere rimeleg oppsiktsvekkjande om regjeringa vel å tillate massiv gruvedumping i ein grunnfjord, kun på bakgrunn av at ein har gjort ei “heilskapsvurdering”. Ei “heilskapsvurdering” tyder som regel at miljøet har tapt, seier Rotevatn.

Venstre meiner at gruvedrift krev sikre deponi, og dei må vere på land. – Er det ikkje økonomi i det, er det ikkje økonomi i prosjektet, sier Rotevatn.

Færder nasjonalpark

Foto: Karin S. Frøyd

Sjøen er grunnlaget for enorme fornybare resursar innan fiskeri og havbruk.

– Desse resursane må forvaltast berekraftig, då kan ein ikkje gamble med det marine miljøet, slik ein gjer her, seier han. -Det å sanke mat frå hav og fjord er en viktig del av kystarven og for folket langs kysten vår. Å bruke matfatet vårt som et deponi for avfallsstoff med påfølgande øydelegging og forgifting av store og sårbare havområde er eit hån, understrekar Rotevatn.

Vert avgjort i regjeringa
Gruvedrifta må få utsleppsløyve frå Miljøverndepartementet. Venstre arbeider på fleire frontar for å få regjeringa til å seie nei til deponi.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**