Pasienten fyrst i lokalsjukehus for framtida

Venstre vil ha eit helsevesen som er tilpassa pasienten og som nyttar mest mogeleg av ressursane i helsevesenet på pasientbehandling, ikkje transport. Lange reiser med overnatting for små inngrep og kontrollar som heller kunne ha vorte gjort lokalt, er til ulempe for både pasient og næringslivet som pasienten er knytta til.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sykehuskorridor

Foto: © Lucian Coman | Dreamstime.com

Dei siste hendingane i Sogn med brann i tunnel, ulykke med buss, bussdrap og brann har synt oss kor viktig det er for samfunnsberedskapen at ein har lokalsamfunn med robuste lokalsjukehus som kan gi rask og stabiliserande behandling når ulykka er ute.

Desse tragiske hendingane har synt at lokalkunnskap, god kommunikasjon på veg, i luft og samband er svært viktig når ei krise oppstår. Lokalsjukehuset i Lærdal har vore eit heilt naudsynt og viktig samlingspunkt i desse alvorlege hendingane. Lærdal sjukehus har klart å administrere og behandle eit stort tal pasientar på kort tid, og vore eit viktig knutepunkt for naudsynt kommunikasjon.

Nordfjord sjukehus er no i sluttfasen av prosjektet som skal definere lokalsjukehusa i framtida. Sogn og Fjordane Venstre meiner det er viktig at lokalsjukehus i framtida har eit tilbod om kirurgisk aktivitet, slik mange fagmiljø utafor Helse Førde meiner. Dette er også konklusjonen i rapporten "Utviklingsprosjekt framtidas lokalsjukehus". Dagkirurgi må på plass ved Nordfjord sjukehus, slik det er ved alle lokalsjukehus i landet, noko som også er i tråd med faglege tilrådingar nasjonalt.

Fødetenestene i fylket er lagt om, og Sogn og Fjordane Venstre meiner dette må vurderast på nytt. 16 transportfødslar på under 1000 fødslar er altfor mykje.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**