Mange asylsøkjarar har opplevd traumatiske hendingar. Desse utgjer ei risikogruppe for psykisk liding. Fleire pådreg seg psykiske plager under opphaldet på asylmottak. Difor er det ynskjeleg å ha helsepersonell med kompetanse innan psykisk helse, for å kunne oppdage og ta tak i dette så tidleg som mogleg. Særlig gjeld dette mottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar. Personalet på mottaket må gje asylsøkjarar ein meiningsfylt kvardag, og gje tilbod som språkopplæring, arbeidsopplæring, utdanning og andre viktige integreringstiltak.
Trandum utlendingsinternat er Noregs einaste lukka forvaringssenter for immigrantar. Dei som hamnar på stader som Trandum, ventar ofte på tvangsreturnering, og desse har dårlegare opphaldstilhøve enn standarden i norske fengsel. Trandum har ved fleire høve vorte kritisert, når Noreg si etterleving av menneskerettsforpliktingar blir vurdert av internasjonale organ, som Europarådets torturkomité og FNs torturkomité. Sogn og Fjordane Venstre ynskjer difor ei utgreiing av Trandum før ei eventuell utbygging av internatet.
Trandum utlendingsinternat inneber friheitsrøving. Det skal føreligge sterke grunnar for å nytte eit slikt tiltak. Sogn og Fjordane Venstre stiller seg kritisk til å straffe enkeltpersonar i mottakssystemet som ikkje har gjort straffbare handlingar, og ynskjer difor å avgrense friheitsrøving til å gjelde personar som har utført straffbare handlingar.