Godt samarbeid mellom skule, kommune og næringsliv aukar kompetansen ute i kommunane, og gjer det enklare for kommunar og næringsliv å rekruttere nye arbeidstakarar.
Sogn og Fjordane har ei folkesetnad med stigande gjennomsnittsalder og treng unge menneske som ønskjer å bu her. Ulik forsking syner at 80% av dei som tek utdanning på lærar- eller sjukepleiestudiet blir verande i fylket etter endt utdanning. 60% av ingeniørane blir også verande.
Skular i Sogn og Fjordane skårar høgt både på nasjonale prøver og eksamensresultat. Ein av grunnane til at vi skil oss ut i positiv retning er det gode samarbeidet mellom høgskulen og kommunane om etter- og vidareutanning og ei desentralisert utdanning av lærarar.
Sogn og Fjordane Venstre vil at fylket vårt skal ha eit kvalitetsmessig godt og robust høgskuletilbod også i framtida. Høgskulen må ha eit handlingsrom for gode læringsmiljø, samstundes som dei held fram med å utvikle gode og attraktive forskingsmiljø som kan hevde seg både nasjonalt og internasjonalt. Eit godt forskingsmiljø er viktig i konkurransen om å trekke til seg dei beste lærekreftene. Forskingsmiljøet må også ha god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.
Kunnskap, utdanning, forsking og innovasjon er viktige føresetnader for å lykkast i å vidareutvikle av både næringsliv og offentleg sektor. Dette samspelet må styrkast, og høgskulen er ein nøkkelfaktor for å sikre rekruttering av høgt utdanna arbeidskraft til fylket.