– Ungdom er diverre underrepresentert i norske kommunestyre. Ved sist lokalval var gjennomsnittsalderen på listekandidatane i Noreg heile 49 år. Også i Sogndal er det for få ungdomar som stiller til val, seier Else, som er glad for å kunne delta på lokalpolitisk nettverk og lære frå meir røynde politikarar.
Stortingsrepresentent for Venstre Sveinung Rotevatn (26) var sjølv tidleg til å engasjerere seg i politikk.
– Det er er viktig å engasjere seg tidleg. Både for eigen del, sidan politikk er veldig kjekt. Men sjølvsagt også for samfunnet, sidan det er viktig at alle grupper er representert i demokratiet, seier Rotevatn.
Fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang (39), er veldig glad for å ha Else med i Venstre. – Ho er eit politisk talent som det vert spennande å arbeide saman med vidare. Else kjem dessutan frå ein kommune der eg trur Venstre har mange potensielle veljarar, sidan Sogndal har eit godt miljø for både kunnskapsutvikling og grundarar, seier Berge Stang.
Leiar i Venstre, Trine Skei Grande, deltok også på lokalpolitisk nettverk i helga, etter at ho på fredag var på vitjing i Aurland og Lærdal.