Venstrekvinnene på Hareidlandet arrangerte markeringa av den Internasjonale Kvinnedagen

I år var det Venstrekvinnene på Hareidlandet som arrangerte markeringa av den Internasjonale Kvinnedagen. Årets tema var «Kjønn i media», og omlag 70 personar kom for å høyre og delta på markeringa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Venstrekvinnene på Hareidlandet 2014

Foto: Per Eide

I forkant og etterkant av markeringa var det mange flotte oppslag. I pressemeldinga som gjekk ut i forkant kunne du lese:

Kjønn og media på Kvinnedagen
Kva spelerom har kvinner og menn i media i dagens Noreg? Er det forskjellar på korleis kvinner og menn blir framstilte, og kva bygger desse framstillingane på? Likeverd, stereotypiar eller tradisjonelle kjønnsroller? Dette er nokre av dei spørsmåla Venstrekvinnene på Hareidlandet stiller under feiringa av Kvinnedagen. Til å svare på dette, har dei henta inn høgskulelektor, forskar og spaltist Ragnhild Fjellro. Verd å merke seg er at sjølv om Kvinnedagen er laurdag 8. mars, blir arrangementet lagt til måndag 10. mars.
Infantilisering av kvinner
Inspirasjonen til årets tema kom etter ei hending i Dollsteinhola tidlegare i år. Tre kvinner var på tur, da ei av dei vart utsett for ei ulykke. Når saken blei gjort kjent, først gjennom politiets Twitterkonto, og seinare i lokale media, ble dei erfarne kvinnene mellom 23 og 28 år omtalt som «jenter», og omgrep som «uforsvarleg» og «uerfarne» blei brukte.

– Vi tenkte jo alle det same, då vi leste om saka, at dette var nettopp tre jenter som hadde tatt seg vatn over hovudet, seier Rigmor Haddal. Men dei tre «turvenninnene» visste å svare for seg. I kronikken «Infantiliseringen av forulykkede jenter» på nrk.no tek dei eit oppgjer med denne stereotypiske og tradisjonelle — og feilaktige – framstillinga.

– Saka fanga interessa vår, der den låg rett i vårt eige omland, sei Annika Brandal. Sjølv om utgangspunktet er lokalt, tenkjer Venstrekvinnene at temaet er viktig både nasjonalt og internasjonalt. — Om det er slik at media har makt til å framstille kjønn likeverdig, har dei også makt til det motsette. Og då handlar det til slutt om ytringsfridom og moglegheiter til å uttrykkje seg, seier Brandal.

Feiring 10. mars
Kvinnedagen fell i år på ein laurdag. Komiteen har valt å leggje arrangementet til måndagen etter.
— For det første var det veldig vanskeleg logistikk, og dårleg med flyavgangar mellom Sunnmøre og resten av landet på ein laurdag. For det andre veit vi at laurdagane er for mange fylde med andre ting, og vi ønskjer at flest mogleg skal kunne delta, seier Berit Lyngstad. Komiteen veit at det ikkje er alle kommunane på søre som har eigne arrangement, og difor inviterar dei også kvinner — og menn — frå nabokommunane til feiring av Kvinnedagen. Arrangementet blir i år som tidlegare på Sunnmøre Folkehøgskule.

Workshop i forkant
Det er ikkje berre datoen som blir annleis i år. I forkant av det tradisjonelle 8. mars arrangementet, ønsker Venstrekvinnene å invitere til ein workshop med Ragnhild Fjellro. — Her vil vi få litt dybdekunnskap om temaet, korleis ein kan analysere ein tekst, og teoriar om representasjon og stereotypiar kring temaet kjønn og media, seier Eli Skaatun. Ein kan velje om ein vil gå på berre eit eller begge arrangementa. Workshopen startar kl 1730, mens den tradisjonelle feiringa med hovudtalar Fjellro, kulturelt innslag, matykt og utdeling av Kvinneprisen startar kl 1930.

Andre lenker:
http://www.vikebladet.no/nyhende/article9281405.ece

http://www.vikebladet.no/nyhende/article9306315.ece

http://nernett.no/web/?do=article&id=30045

http://nernett.no/web/?do=article&id=30047

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**