Venstre-ordføraren i Eid ber no kommunane sitt felles pensjonsselskap KLP om å setje i gang arbeid med sikte på å trekke kommunale pensjonsfond ut av investeringar i olje-, gass- og kolselskap frå 2015, tilsvarande prosessen Stortinget har vedtatt at Statens Pensjonsfond Utland (SPU) skal setje i gang.
Les NRK.no: Kommunane må slutte å investere i fossilt brensel .
Flytte investeringar
– Kommunene er «førstelinja» i samfunnsberedskapen mot menneskeskapte klimaendringar og ekstremvêr. Lokalsamfunn over heile landet kjem til å merke effektane av villare og våtare vër i framtida. Dess meir omfattande klimaendringane blir, dess større blir dei økonomiske konsekvensane for norske kommuner, seier Bjørlo.
– Det er difor naturleg at kommunesektoren går føre i å flytte investeringar over i energiformer som kan avgrense omfanget av klimaendringane til FNs vedtatte togradersmål.
Kommunal Landspensjonskasse (KLP) forvaltar pensjonspengane til om lag 350 av landets 450 kommuner og fylkeskommuner og 25 av 26 helseforetak. Over 630.000 personar har pensjonsrettane sine i KLP. Selskapet har truleg minst 7 milliardar kroner plassert i olje-, gass- og kolselskap.
Finasiell risiko
Investeringar i fossilselskap skaper også ein «dobbel» finansiell risiko for norske kommuner som det er nødvendig å ta på alvor. Kommunal sektor er som staten avhengig av inntektene frå norsk olje- og gassproduksjon for å halde oppe tenestetilbodet.
– Den finansielle risikoen ved å investere pensjonspengane i same sektor som den løpande drifta av norske kommuner er avhengig av, og som klimaomsyn tilseier kraftig nedtrapping av i åra som kjem, er betydeleg seier Alfred Bjørlo.
Les: Oljefondet: Enighet om å utrede uttrekk fra både kull, olje og gass.
Ventar brei oppslunad
– Partia på Stortinget står no samla om at eit pensjonsfond eigd av det norske folket ikkje kan vere likegyldig til kvar og korleis fondet investerer, og om å peike ut ei retning bort frå investeringar i fossilindustrien. Eg legg til grunn at den same politiske viljen no vil sørge for same prinsippbeslutning for kommunale pensjonsmidlar, og ventar brei oppslutnad blant eigarane til KLP om dette framlegget, seier Venstre-ordførar Alfred Bjørlo.