Her er eit utdrag av lesarinnlegget som var på trykk i avisa «Hordaland» laurdag 8/2-2014. Heile innlegget kan òg lesast her
I konflikten har KS gått frå først å presentera eit svakt forhandlingstilbod, til seinare å koma attende med eit nytt forslag, som verka endå meir provoserande overfor Utdanningsforbundet og lærarane.
Er den nye vinen at mindre tid med elevane og meir styring ovanfrå, skal gi ein betre skule?
I desse dagar reknar eg med at eg er ein av mange lokalpolitikarar som stiller spørsmålet: Kva er det KS held på med? Og kor har dei mandatet sitt frå? I valkamp etter valkamp, særskilt i samband med stortingsvala, verkar det som om partia har eit intenst ønskje om å likna mest mogleg på kvarandre i utdannings- og kunnskapspolitikken. I 2013 annonserte Arbeidarpartiet nye saker dei skulle løfta for stortingsperioden 2013-2017, om den raudgrøne regjeringa vart valt på ny.
Sakene var nærast «copy & paste» av kva ulike borgarlege parti hadde fremja i Stortinget i perioden 2009-2013, og markerte ei meir eller mindre openbar konsensuslinje knytt til synet på norsk skule. Konsensuslinja kan i grove trekk summerast opp slik:
Læraren er viktig, og eit lærarløft er riktig. Detaljane i dei ulike politiske framlegga varierer sjølvsagt noko, men regjeringa som sit i dag har gjennom eit samarbeid med Krf og Venstre alle moglegheiter til å styrka skulen for framtida. På borgarleg side er korkje etter- og vidareutdanning for lærarar, karriereløft for lærarar, skjerping av opptakskrav ved lærarhøgskulane eller reduksjon i byråkrati, omstridd på nokon måte.
Det at dei borgarlege partia er så eintydig samde om at til dømes reduksjon av byråkratiet i skulen er sentralt, burde senda eit klart signal om kva regjeringa og samarbeidspartia forventar at læraren skal kunna bruka tida si på i framtida:
Å vera lærar ikkje byråkrat.
Som lokalpolitikar ønskjer eg å utfordra politikarane som sit i hovudstyret i KS på følgjande:
Kor har de mandatet dykkar frå? Korleis har de tufta grunnlaget for dette mandatet ute i kommune- Noreg? Og som oppfølgingsspørsmål: Ser de ikkje at forhandlingsframlegget dykkar kan forverra situasjonen i norsk skule, og dermed forverra situasjonen i kommune-Noreg?
KS skal bana veg for kommunane inn i framtida, og er kommunesektorens interesseorganisasjon. Pr. i dag ser det ut som om KS gjer kommunane ei bjørneteneste for framtida. Kommuneøkonomien gjer lokalpolitikk krevjande nok allereie, og me treng hjelp frå vår eigen interesseorganisasjon til anna enn å bidra til ei framtidig underdekning av lærarar.
Kjære dykk i KS, vit dette: Det er inga skam å snu. Og til dei i hovudstyret vil eg seia: Finn fram den gamle eleven i deg, og gjer som du eingong gjorde: Lytt til lærarane dine.
KNUT OLAV RØSSLAND NESTÅS,
KOMMUNESTYREREPRESENTANT (V), VOSS