Nedlegging av NAV-kontor?

Onsdag 5. mars hadde Venstreordførar Ingebjørg Winjum følgjande lesarbrev på trykk i Bergens Tidende.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Ut frå BT sitt oppslag for nokre dagar sidan ynskjer NAV-direktøren i Hordaland ei omfattande endring i tal NAV-kontor, dvs nedlegging av kontor i distrikta.

Eit av hovudmåla med NAV-reforma er at det skal vera enklare for dei som treng NAV sine tenester. Målet med å slå saman trygdekontor, aetat og sosialkontor er at det skal vera nærleik og lett tilgjenge til tenestene, og «ei dør inn».
Framlegget frå NAV-direktøren om å flytta ressursane bort frå kontora ute i distriktet, vil føra til det motsette for svært mange.

Ingebjørg Winjum

Foto: –

Eit viktig mål med reforma er å få flest mogeleg i arbeid eller aktivitet. Ein del brukarar treng tett oppfølging for å koma dit. Det er desse, altså dei svakaste brukarane ei sentralisering av NAV-kontora vil gå ut over. Dei vil mista nærleiken til sitt NAV-kontor og mange vil få lang veg til tenestene. Den NAV-tilsette vil få større avstand til mange av sine brukarar og såleis kunna gje ei dårlegare oppfølgjing. I tillegg vil viktig kunnskap om lokal arbeidsmarknad og lokale tiltak for brukarane gå tapt.

«Vi gir innbyggerne våre vidt forskjellige tjenester og tilbud, noe som slett ikke er ønskelig», seier NAV-direktøren. Eg er litt usikker på kva ho meiner med det, men ulike tenester – ja, er det ikkje nettopp det som er viktig? Det at brukarane skal ha tenester som er tilpassa den enkelte? Alle NAV-kontora har dei same statlege verkemidlane. Om dei tilsette på NAV-kontora brukar desse på ulike måtar til beste for brukaren, så er vel det akkurat slik det skal vera? I den verkelege verda er det faktisk slik at ingen tilfelle er akkurat like, og då må tenesta tilpassast individuelt. Målet må vera at systemet skal tilpassast brukarane, ikkje omvendt.

Då NAV-kontora vart etablerte vart det oppretta partnerskapsavtale om samarbeid mellom statleg trygdekontor, statleg aetat og den kommunale sosialtenesta i kvar kommune. Når brukarar skal få eit heilheitleg tilbod frå NAV, er dei sosiale tenestene svært viktig del av dette. Sidan dei sosiale tenestene er kommunale, vil dei koma til å «bli att» i kommunen dersom NAV-kontora vert sentraliserte til større sentra. Då vil statlege og kommunale tenester ikkje lenger vera samlokalisert og målet om eit tett samarbeid og «ei dør inn» vil vera borte. Dette kan i så fall føra til at ein viktig del av grunnlaget for NAV-reforma vil falla bort.

NAV-reforma har eksistert nokre år, og det er sikkert tid for ei evaluering, men då er det lite klokt av ein leiar for tenesta å dra konklusjonane på førehand.

Ingebjørg Winjum
Ordførar i Granvin(V)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**