Ingen skal få snike i køen for brannstasjonen i Arendal. Eg viser til stort oppslag på sportssidene i Agderposten 1. mars om boksemiljøet som vil til den gamle brannstasjonen. Førsteretten har "Drømmen om eget hus", eit felles hus for brukarane av Treffstedet 3. etasje, Brukerstyrt senter og dagsenteret. Eit einstemmig bystyre har vedtatt å finne ut om brannstasjonen kan brukast for dei som slit med den psykiske helsa og treng ein møtestad. Den gamle brannstasjonen er stor nok til at vi kan tilby gode aktivitetar som også krever plass, som mekking av bilar og motorsyklar og til vedkløyving.
Kommunens fagfolk har arbeid grundig og godt saman med brukarane av Treffstedet 3. etasje, Brukerstyrt senter og dagsenteret. Dei ønsker seg eit sentrumsnært hus med god plass. Dei ønsker seg den gamle brannstasjonen. Nå har bystyret gitt rådmannen og Arendal Eiendom KF noen veker til å finne ut korleis bygningane kan brukast, og om det er mogleg med forsvarleg bruk for dei nemnte brukarane.
Først må Arendal kommune, i nært samarbeid med dei som verkeleg treng den hjelpa det kommunale arbeidet for psykisk helse, kome fram til om og korleis den gamle brannstasjonen kan brukast. Om om det skulle vise seg at ein mindre del av bygningsmassen kan leigast ut til andre, så får det vere ei sak etterpå. Før den avklaringa er på plass skal alle andre ha så mykje anstendigheit og respekt at dei held både fingrar og boksehanskar unna.
Jan Kløvstad
Venstremedlem i Arendal bystyre og i helse- og omsorgskomiteen