Kari Østervold Toft har overteke som leiar i Hordaland Venstrekvinnelag etter Siw Bergersen.
Torhild Holgersen er ny nestleiar og kasserar, medan Birgitte Hjertås er sekretær og skal representere Venstrekvinnelaget i fylkesstyret til Hordaland Venstre. Åsta Aarøen held fram som styremedlem. Nytt styremedlem er Trude Sletteland. Varafolk til styret er Synnøve Handeland og Siw Bergersen.
Hordaland Venstrekvinnelag arbeider for å fremme sosialliberal politikk og likestilling mellom kvinner og menn i eit liberalt perspektiv. Organisasjonen er open for alle kvinner som er samde i dette formålet. Menn er velkomne som støttemedlemmar.