-La oss ta fram boka og blyanten vår. Dei er våre sterkaste våpen. Eit barn, ein lærar, ei bok og ein penn kan forandre verda, sa Malala Yousafzai til FN si generalforsamling.
– Eg hevar røysta mi, ikkje for å rope men slik at dei utan ein stemme kan bli høyrde vi kan ikkje lukkast når halvparten av oss vert haldne tilbake, har ho og sagt i eit av dei mange intervjua ho har gjeve etter at ho vart skoten på skulebussen fordi ho hadde blogga om korleis Taliban behandla jentene i Afghanistan.
Me treng ikkje gå til totalitære regimer for å finna "gode" døme på at kvinner og menn, jenter og gutar vert behandla svært forskjellig. Det er snarare regelen enn unntaket i alle kulturar.
UNESCO sin store utdanningsrapport Education for all Global monitoring report vart nett lansert i Norge. Skuffande lesing for dei som trudde verda var i rute til å nå tusenårsmålet om grunnskole til alle barn innan 2015. Unescos rapport slår fast at det ikkje kjem til å skje.
57 millionar barn går ikkje på skole
1/3 del har ikkje lært å lese og skrive til tross for fire år på skolen
Det manglar 1.6 millionar lærarar
Grunnskolen manglar investeringar på 26 milliardar dollar i året
Bistand til utdanning går ned.
Utdanning er viktig i seg sjølv, men også fordi det er brei semje om at utdanning bidreg til de andre måla i FN har når det gjeld betre helse, mindre barnedødelighet, meir likestilling, færre tilfelle av hiv/aids og bærekraftig utvikling.
Som så ofte elles, er det jenter, handikappa og de aller fattigaste som får minst.
Retten til utdanning er kanskje ein av dei viktigaste som verdssamfunnet er samde om. Retten til å ytre seg er for meg heilt sentral om me skal skape eit samfunn der alle er like verdifulle. Malala si historie er ei sterk påminning om at vi har langt att. Det er og ei historie om ei svært modig jente som står opp for meiningane og medsøstrene sine og krev å få vere med og ta ansvar for utviklinga i det samfunnet ho lever i.
Kvardagen og livsvilkåra er ikkje dei same for begge kjønn. Kvart år "forsvinn" to millionar jenter i verda. Kvinner mellom 15 og 44 år har større sjanse til å bli skada eller døy av ein eller annan type vald enn av kraft, malaria, trafikkulukker eller krig til saman. Dårleg helse gjer at 600 000 kvinner døyr kvart år i barsel, det er like mange som talet på drepne i masakrane i Rwanda. Verdas helseorganisasjon reknar med at 6 000 jenter kvar dag vert utsett for kjønnslemlesting. WHO reknar og med at ei av fem kvinner truleg kan bli offer for valdtekt og valdtektsforsøk i løpet av livet sitt.
I 2010 skreiv The Economist at minst 100 millionar jenter har forsvunne enten er dei blitt drepne, abortert eller dei er rett og slett blitt oversett. Og talet aukar.
Det som gjer meg mest trist er at ting ikkje går rett veg. Denne veka melder The Guardian at lovverket i Afghanistan vert endra slik at kvinner ikkje kan vitne mot mannlege slektningar. Og i fleire land vert det no innført lovar som tillet vald og drap på kvinner. Me kan ikkje la være å ta inn over oss dette og me må engasjere oss i arbeidet for at kvinner og menn skal ha like rettar uavhengig av kor me vert fødd og lever liva våre.
I Venstre er me opptekne av at kvar einskild skal ha sin fridom, samstundes skal me ta ansvar for kvarandre. Det må og gjelde i vårt internasjonale engasjement.
Det er godt å sjå at Venstre har fått ein solid posisjon i det nye Stortinget vårt og i god Venstretradisjon bør vi bruke den til å reise viktige saker for våre medmenneske både her heime og i resten av verda.
-La oss ta fram boka og blyanten vår. Dei er våre sterkaste våpen. Eit barn, ein lærar, ei bok og ein penn kan forandre verda.