Studentprisar i kollektivtrafikken

Mona Haugland Hellesnes, gruppeleiar for Venstre i Hordaland fylkesting har sendt spørsmål til fylkesordføraren om takstregulativ for Skyss og studentprisar på enkeltbillettar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


I samband med vedtak av budsjettet for 2014 vart det vedteke endringar i Skyss sitt takstregulativ som mellom anna fjerna rabatten for studentar på 7 eller fleire sonar. Dette meinar Haugland Hellesnes er endringar som burde vore teke opp i eige sak, og har difor bede fylkesordføraren om at denne endringa på nytt vert teken opp til politisk handsaming.

-Det er viktig at vi og har eit kollektivtilbod til studentar frå heile fylket. Det skal ikkje vera slik at studentar som bur i Bergen ikkje skal kunne reise heim når ein ynskjer det for det er for dyrt. Pris er eit viktig verkemiddel om vi vil ha fleire til å nytte kollektivtrafikk, seier Mona Haugland Hellesnes.

Vesentlege takstendringar gjev føringar for satsingar innan kollektivtrafikken, då det er eit effektivt verkemiddel for dei reisande. Difor bør slike endringar handsamast i eige sak i førekant av budsjetthandsaminga.

Spørsmåla som er sendt til fylkesordføraren:

1. Kan fylkesordførar sørge for at endringa som nemd over vert handsama på nytt politisk?
2. Kan fylkesordførar sørge for at vesentlege endringar i taksregulativet for Skyss vert handsama som einskildsak i førekant av budsjettet?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**