Oppsummering frå kommunestyremøte

1. vara Kristian Stråmyr representerte Venstre i kommunestyret 13. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Kristian Stråmyr

Foto: NN

Stråmyr stilte eit munnleg spørsmål til ordførar Bjørn Sandnes innleiingsvis i møtet. Han lurte på kva som har skjedd i saka om utredning av kommunestrukturen på Nordre Sunnmøre etter vårt grunngjevne spørsmål i november 2012. Sandnes svarte at det har vore teke opp i Sunnmøre Regionråd som kan hjelpe med info. Kommunestruktur kjem opp i neste formannskapsmøte og kommunestyremøte til open diskusjon.

Det var òg ein presentasjon av folkehelsestrategien under møtet, som du kan finne her.

Stråmyr tok ordet i saka om omsorgsplassar, og sa seg einig i at utviklinga går mot ein stor altomfattande omsorgsarena på Eidet, men at vi ikkje kan stå inne for sal av Kveldsro til andre buformål. Venstre meiner at det ville vore betre å sjå på alternativa før ei endeleg avgjerd i den saka. Rådmannen lova at andre alternativ vil bli utreda før det kjem opp som ei eiga sak.

I spørsmålet om utredning av kommunal kontantstøtteordning for barn med rett til barnehageplass, sa Stråmyr at Venstregruppa ikkje hadde noko imot ei utredning trass i at vi er veldig skeptisk til tiltaket. Etter ein lengre debatt røysta Stråmyr likevel mot framlegget, av di det det kunne skape falske forhåpningar å utrede ei ordning vi ikkje støttar. Forslaget fall dermed med 18 mot 13 røyster.

I høyringssaka om oppreisningsordning for tidlegare barnevernsborn røysta Venstre på varaordførar Svein Harsjøen sitt framlegg som blei vedteken med 27 mot 3 røyster:

Haram kommune vil slutte seg til ei felles oppreisningsordning som skissert frå KS Møre og Romsdal. Følgjande føresetnader vert lagt til grunn:
1. Kostnadar til etablering og drift vert dekt av skjønnsmidlar frå fylkesmannen.
2. Ordninga skal kun omfatte barn plassert på barneheim og spesialskule i tidsrommet 1954 — 1980.
3. Oppreisningsbeløpet i einskildsaker skal maksimalt utgjere kr 400.000,-. Eventuell tilkjent erstatning frå statlege ordningar skal kome til fråtrekk.
Dersom endelege vedtekter for oppreisningsordninga i vesentleg grad skil seg frå kommunen sine føresetnader skal saka leggast fram for kommunestyret på nytt.

Protokollen frå møtet finn du her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**