Klima — ikkje berre for 10.klassingar

I dag har me eit lesarinnlegg på trykk i avisa «Hordaland» om ein resolusjon vedtatt på årsmøtet i Voss Venstre. Les meir her eller les avisa «Hordaland», for å lesa meir om uttalen vår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


"Hordaland" har dei siste par vekene hatt fleire innsiktsfulle og godt skrivne lesarinnlegg frå 10.klassingar om ulike sider ved klimautviklinga. Elevane har tydelegvis hatt prosjektarbeid om ulike sider ved utfordringane knytt til ressursar, energi og endringar i klima — noko Voss Venstre er svært glade for!

Voss Ungdomsskule

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

Vi minner om at FNs klimapanel i 2013 la fram ein rapport som konstaterte at ein aldri har hatt eit betre grunnlag enn no for å seia at endringane i klimaet kan koplast mot menneskelege aktivitetar på jorda og klimagassutslepp i atmosfæren.

Globale avtalar om klimagassutsleppet er viktig, men det er minst like viktig at ein handlar lokalt! Også Voss Venstre ønskjer å halda fokus på lokal klima- og miljøpolitikk — og hadde dette som ei viktig sak på årsmøtet vårt, som vart avvikla 27.1.

Ein aktiv klima- og miljøpolitikk gjer òg kvardagen din lettare og betre! Voss Venstre vonar at det mellom anna blir:

– utbygging av eit meir heilskapleg gang- og sykkelvegnett på Voss
– fleire hybrid- og el-bilar generelt, og i den kommunale bilparken spesielt

Skilt for gang- og sykkelvei

Foto: Sesselja Bigseth

– auka bruk av kollektivtransport
– satsa på «Miljøfyrtårn»-sertifisering overfor næringslivet
– satsing på Bergensbanen
– ei grøn og miljøvenleg tettstadsutvikling
– framleis satsa på ressursutnytting innan skogforvaltninga
– vidareutvikling av Hordaland Bioenergi
– ei utgreiing av om eigedomsskatten kan nyttast som stimulans til energieffektivisering i bustader og næringsareal
– rullering av energi- og klimaplan for Voss (den gamle gjekk ut i 2013.)

Knut Olav Nestås, på vegne av årsmøtet i Voss Venstre

Uttale og resolusjon vedtatt av årsmøtet i Voss Venstre 27.1.2014

venstrelogo

Foto: venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**