Årsmøteuttale: Ein ny landbrukspolitikk: Venstre vi ha eit sterkare jordvern og auka matproduksjon

LANDBRUK I HEILE LANDET: Landbruket er ein vesentleg føresetnad for busetjing og sysselsetjing i store delar av landet. Næringa bidreg til verdiskaping gjennom produksjon av matvarer, tenester og fellesgode — og er viktig for reiseliv og turisme.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Noreg har eit ansvar for å produsere mat — til ei aukande befolkning. Venstre ynskjer 20 % auka matproduksjon innan 2030.

Landbruk

Foto: E.Ringnes

MILJØTILPASSA PRODUKSJON, VERN OG SIKRING AV DET BIOLOGISK MANGFALDET: Landbruksdrift som varetek produksjonskrav, ressursbruk og miljø, må vera kunnskapsbasert. Forsking, rådgjeving og utviklingsarbeid er viktige satsingsområde.

• Venstre vil styrkje jordvernet og med eit særleg sterkt vern av dei beste areala eigna til produksjon av matkorn.
• Venstre vil spisse tilskottsordningar for å vareta viktige kulturlandskap.
• Venstre vil leggje til rette for auka grovfôrbasert matproduksjon og vri støtteordninga mot grovfôr og beite. Dette kan gi grunnlag for auka matproduksjon basert på eigne ressursar i Noreg.
• Venstre ynskjer å gje investeringsstøtte som fremjar god dyrevelferd: Dyr skal behandlast godt, og med respekt.
• Venstre vil etablere eit regelverk som sikrar at prosentdelen med biologisk gamal skog aukar, og at skog ikkje blir hoggen før han når ein klimamessig gunstig alder.

FØRESEIELEG OG TRYGG ØKONOMI: Staten må leggje til rette for gode finansieringsmodellar for dei som ynskjer omstilling og investering. Landbruket er avhengig av langsiktige og føreseielege rammer for å sikre rekruttering til ei attraktiv framtidsnæring.

• Venstre ynskjer starttilskott til unge bønder, særleg for dei som vil drive økologisk.
• Venstre ynskjer marknadsregulering av mjølk- og storfeproduksjonen i landet for å oppretthalde stabile og føreseielege rammevilkår, og sikre langsiktige og bærekraftige investeringar i næringa.
• Venstre ynskjer å evaluere maktkonsentrasjonen i foredlingsindustrien, og i distribusjons- og matvarekjedene.
• Venstre ynskjer eit importvern som i rimeleg grad sikrar lønnsemda og investeringsviljen i næringa, og som er innafor internasjonalt forpliktande regelverk.

VARIERT OG MANGFALDIG: Det norske landbruket må ta utgangspunkt i dei varierte og vekslande naturgjevne forholda for produksjon av mat.

Grønn skog

Foto: A.Hovstø

Det er eit mål at fleire kan leve av næringa, mellom anna for å fremje framtidsretta og kunnskapsbaserte produksjonsmiljø. Venstre vil arbeide for at bønder som ynskjer å etablere landbruksrelaterte tilleggsnæringar, får høve til og blir oppmuntra til det, som til dømes Grøn omsorg, turisme og innovativ bruk av eigne ressursar.

• Venstre vil ha ei differensiering på tilskotta for framleis å sikre landbruksproduksjon i fjord- og fjellbygder og arbeide for betre tilpassing til dei ulike regionane, etter modell frå alpelanda.
• Venstre vil sikre konkurransedyktige vilkår for kornproduksjon i landet — minst på nivået i dag.
• Venstre vil behalde strukturen på beitetilskott, dyretilskott, arealtilskott og pristilskott.
• Venstre vil styrkje forsking og rådgjeving for å utvikle eit framtidsretta og berekraftig landbruk.
• Venstre vil utvikle vidare eit materialbank på rot-prosjekt i skogbruket.
• Venstre vil betre rammene for samdrift, og innføre samdriftsmodellar òg i skogbruket.
• Venstre ynskjer betre rammevilkår for treforedlingsindustrien og betre transportvilkåra for skogsvirke.
• Venstre vil auke hogst og foredling i skogbruket — som ledd i kampen for lagring av CO2 og mot klimaendringane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**