Gi Arendals 16-åringar stemmerett

Arendal bør gjere som Tyskland, Østerrike — og Grimstad og gi 16- og 17-åringar stemmerett ved bystyrevalet og fylkestingsvalet i 2015. Kommunalministeren åpnar nå for fortsatt forsøksordning med stemmerett for 16- og 17-åringar, – etter spørsmål frå Venstre i Stortinget. Venstre Arendal straks må søke om å få vere med i forsøksordninga. Vi ber derfor ordføraren sende over forslaget vårt til Ungdommens bystyre for drøfting, og at bystyret får saka til avgjerd så fort som mogleg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Interpellasjon til bystyremøtet 27. februar 2014

16-åringar er storforbrukarar av kommunale og fylkeskommunale tenester som skole, fritidsklubb, det frivillige kulturlivet, svømmehallar, idrettsanlegg og mykje anna.
Dagens 16-åringar kan betale skatt, bli sett i fengsel, køyre lett motorsykkel, få barn — men har ikkje stemmerett.

Kort sagt:
– 16- og 17-åringar i stand til å ta rasjonelle val og er engasjerte i saker som er viktige for dei. Dei er modne nok.
– Demokrati skal lærast i skolen. Stemmerett bør bli ein del av pensum.
– Stemmerett for 16-åringar er god distriktspolitikk. Unge er ekspertar på lokale forhold.
– Ved å gi stemmerett til ungdommar tvingar vi samfunnet til å lage betre tilbod til unge.
– Det virkar andre stadar. I Østerrike og Tyskland er erfaringane svært gode.
-Forsøkskommunane i kommunevalet i 2011 (blant andre Grimstad og Mandal) er gode, med større deltaking av 16- og 17åringar enn dei litt eldre.

16- og 17-åringar kan få informasjon om politikk, parti og val gjennom skolen. Og får vi dei først til stemmeurnene ein gong, er sjansane gode for at dei vil halde fram med å vere ein aktiv del av demokratiet gode. 18-20-åringar er «overalt og ingen stader», og vanskelegare å nå for førstegangslæring om det lokale demokratiet.

Erfaringane frå Tyskland og Østerrike gjennom meir enn ti år viser større valdeltaking for dei yngste, og dei tar vare på engasjementet og stemmer også ved vala når dei blir eldre. Å gi 16-åringar stemmerett i 2015 vil gi større valdeltaking i 2015, og også i 2017, 2019 og framover— om norske ungdommar oppfører seg om lag som jamnaldrande i Tyskland og Østerrike. Det er grunn til å tru at dei gjer nettopp det.

I Arendal ser vi at Ungdommens bystyre er eit godt framsteg, med viktige saker til debatt — og konklusjonar som er vel verd å lytte til.

La oss ta eit steg vidare. Gi 16- og 17-åringane stemmerett i Arendal.

Cathrine Høyesen Hall, Pål Koren Pedersen og Jan Kløvstad, Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**