Fråsegn: Nytt vestlandsdemokrati

På årsmøtet til Hordaland Venstre 9. februar vart det vedteke ei fråsegn om kommunereform

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Hordaland Venstre er glad for dei borgarlege partia sin ambisjon om å gjennomføre ei kommunereform i denne stortingsperioden. Vi ser derimot med uro på at ei regionreform ikkje ser ut til å bli vurdert samtidig. Ein regiondebatt heng saman med ein ny kommunestruktur, og i begge høve vil Venstre fokusere på oppgåveløysing og demokrati heller enn tal og storleik.

Alt kommunalt og fylkeskommunalt samarbeid må ha ei representativ, folkevald forankring. Hordaland Venstre vil gjere Vestlandet til ein heilskapleg region med ansvar for oppgåver som er for store for kommunane. Eit viktig liberalt prinsipp er at avgjersler skal takast så nær som mogleg dei det gjeld. Der det er føremålstenleg må oppgåver flyttast frå statleg nivå til kommunane eller regionane, og det må også vurderast kva oppgåver som kan flyttast frå kommunane til det regionale nivået.

Hordaland Fylkeskommune

Foto: HFK

Færre og større regionar, i kombinasjon med meir robuste kommunar vil vere den beste løysinga på å møte dagens og morgondagens utfordringar. Hordaland fylkeskommune bør førebu ei slik reform i samarbeid med dei andre fylka på Vestlandet. Fylkeskommunen bør ta initiativ til prøveordningar om samarbeid om til dømes fritt skuleval på tvers av fylkesgrensene. Hordaland Venstre vil også sjå på om det er mogleg å inngå innkjøpssamarbeid gjennom EU sine prosjekter med Rogaland. Eit slikt samarbeid vil vere særleg relevant innan kollektivsektoren.

Hordaland Venstre ønskjer at fylket skal ha endeleg mynde i bompengesaker som ikkje angår riksvegar. Talet på bomselskap i fylket må vere lågast mogleg, og gjerne berre eitt for heile Vestlandet, om det skulle vise seg å vere det mest effektive.

Den økonomiske storleiken på samferdselsbudsjettet i fylket saman med det omfattande ansvaret tilseier at det er aktuelt med prosjektfinansiering og andre nye finansieringstypar for større samferdselsprosjekter. Det bør opprettast fylkesvise/regionale investerings- og/eller vedlikehaldsselskap, slik at ein kan unngå dagens årlege og lite føreseielege finansiering.

Ein region som er økonomisk avhengig av andre forvaltningsnivå, er korkje demokratisk eller handlekraftig. Å delegere meir skatte- og avgiftsmynde til kommunar og fylke frå statleg nivå, er svært ønskjeleg. Til dømes kan fleire avgifter innan samferdsle innkrevjast regionalt.

Andre døme på oppgåver ein ny region kan ha, er større arealplanlegging innanfor samferdsle, fagskular, drift av helseføretak, regionale kulturinstitusjonar og vernebuing. I ei slik reform må alle oppgåver sjåast i samanheng. Det er derfor ikkje ønskjeleg at større kommunar som Bergen startar med prøveordningar som kan undergrave ei ny reform.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**