Fråsegn: Grøn kollektivsatsing for framtida

På årsmøtet til Hordaland Venstre 9. februar vart det vedteke ei fråsegn om kollektivsatsinga i Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Kollektivstrategien til Hordaland fylkeskommune er for tida ute til høyring. Målsettingane i denne er høge, og krev eit forpliktande samarbeid med alle kommunane om ein skal la kollektive løysingar ta hand om transportbehova i framtida.

Hordaland Venstre vil utbetra kollektivtilbodet i tettbygde strok, og auka andelen av kollektivreisande blant dei som har privatbilen som alternativ. For å få flest muleg privatbilistar over på kollektiv må takstane vera gunstigast for dei som pendlar og reiser ofte. Å bruke areal til å byggja grønt, blanda og fortetta er svært viktig for å unngå meir spreiing og bilbaserte lokalsamfunn. Særleg for vekstkommunane i bergensregionen er dette avgjerande for at det forventa transportbehovet skal takast av kollektivsektor

Bybanen i Bergen2

Foto: Bybanen i samarbeid med BA

Bybanen skal vera ryggraden i kollektivtilbodet i bergensområdet, og det er avgjerande å sikra kontinuerleg utbygging for denne. Fyrst må Bybanen utvidast til alle bydelane i Bergen. Dinest kan det vera aktuelt å byggja vidare til knutepunkt i nabokommunane, dømesvis til Knarvik og Sotra anten i form av bybane eller forstadsbane. Nye veg- og brusamband som byggjast her i mellomtida må vere tilpassa ein framtidig bybane.
Venstre støtter at Jarnbaneverket kan kvalitetssikra NSB sine planar om forstadsbane i Bergen, men det er mange andre prosjekt som har kome lengre og er vel så viktige. KVU for Arna-Voss vert lagt fram i næraste framtid, og oppfølging av denne må prioriterast. Kortare reisetider til Voss bør også kunna ta ein del av den forventa folketalsauken i bergensområdet, og styrka utviklinga i indre Hordaland.

Det må etablerast gode stamliner som bind saman dei viktigaste knutepunkta med hyppige avgangar. Tilstøytande ruter, matebussar og annan trafikk må korrespondera med desse, og kapasiteten på park-and-ride-anlegg i innfartsårer må aukast. I bynære område er Hordaland Venstre positive til å redusera talet på haldeplassar om dette gjer tilbodet meir attraktivt for ein potensiell bilist.

Drosjenæringa bør reknast for ein del av kollektivsektoren, spesielt i distrikta. Drosjer kan her ha ei god utfyllande rolle til Skyss både med tanke på skulekjøring og bestillingsruter. Drosjenæringa må vera med når ein planlegg infrastruktur og strategi for kollektivsektoren.

Ved val av nye drivstoffteknologiar skal ein fyrst og fremst vera utsleppsfokusert og stilla krav til kvalitet. Alle fossilt baserte energiberarar i bussektoren må fasast heilt ut fram mot 2030. I anbod på ferjedrift i fylket skal ein prioritera å få på plass moderne, raskare og miljøvenlege ferjer på dei lengre sambanda. Hyppigare avgangar, til dømes på hurtigbåten Kleppestø-Nøstet, i Nordhordland og Sunnhordland, vil få fleire pendlarar over på miljøvenlege transportmiddel.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**