Fråsegn: Gje kvinner som vart hetsa etter andre verdskrigen for relasjon til tyske soldatar ei orsaking

På årsmøtet til Hordaland Venstre 8. februar ble følgjande fråsegn vedteke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Venstre skal i det kommande året setje fokus på menneskerettar, og ein fin plass å byrje kan vere å løfte “tyskerjentene” si sak. Likestilling og menneskerettar er ikkje berre å fortelje glansbildehistorier, men samstundes gå i seg sjølv og innrømme feilgrep. Hordaland Venstre meiner difor at norske styresmakter må gje “tyskerjentene” ei offentleg orsaking.

I 2013 var det hundre år sidan norske kvinner fekk stemmerett på lik line med menn. Året vart brukt til å fortelje alle dei gode historiene om korleis likestillingspolitikken vaks fram, korleis kvinner engasjerte seg også utanfor heimen, og at samfunnet vart meir moderne og betre å leve i.

Men ikkje alle kapittel i norsk likestillingshistorie er like imponerande. Norske kvinner som hadde hatt eller var mistenkt for å ha hatt seksuell omgang med soldatar frå okkupasjonsmakta Tyskland under 2. verdskrig, fekk ei svært krenkande behandling, både frå privatpersonar i sitt lokalsamfunn og norske styresmaktene. Mange kvinner vart utsett for fysiske og psykiske krenkingar frå sitt lokalsamfunn, mange av kvinnene vart internerte utan lov og dom, kvinner som gifte seg med sin tyske mann vart fråtekne sitt norske statsborgarskap og ein del kvinner og små barn vart sendt til Tyskland; eit utbomba og krigsherja land. Det fanst ingen rettsreglar som desse kvinnene hadde brote i utgangspunktet, likevel fekk dei ei svært hardhendt behandling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**