Bør alle 16-åringar inn i vidaregåande skule?

Vidaregåande skule, fråfall og kollektivsatsing var blandt tema gruppeleiar for fylkestingsgruppa Mona Haugland Hellesnes la vekt på i generell politisk debatt under fylkesårsmøtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Kjære årsmøte og gode venstrevener
17.000 skuleelevar, 4200 lærekontraktar, 3000 km vegar, 16 ferjesamband, 125.000 kollektivreiser kvar dag, støtte til meir enn 100 kulturinstitusjonar, til idrettshallar og til friluftsliv. Bygging av bybane, vegar, sykkelvegar, nye skular og kulturbygg. Nokon som framleis trur at fylkespolitikk er unødvendig — eller kjedeleg?? Eg kan love dykk at det er det ikkje!
Det er eit stort fokus på fråfall i vidaregåande skule, og her i Hordaland. Eg er derfor glad for at vi har fått til nokre tiltak som gir meir fleksible tilbod, som vekslingsmodell og produksjonsskule. Men eg kan heller ikkje la være å stille spørsmålet : Kvifor MÅ alle 16-åringar inn i eit utdanningsløp? Fråfall i vg skule har blitt eit samfunnsproblem etter innføringa av R94. I dag er og statistikkane slik at om du er i påbegynt fagopplæring når dei fem åra du til å «retten din» i vg skule, så blir du registrert som fråfall sjølv om du fullfører fagutdanninga.
Eg skal vokte meg vel for å ta til orde for nye reformer i skulen. Men det må etter kvart vere lov å stille spørsmål med om vi lagar eit stort problem ut av noko som ikkje treng å vere det. Det må og vere lov å stille spørsmål til at vi brukar så store delar av ressursane våre på ein så liten del av elevane våre. Nokon treng lenger tid enn andre for å finne ut av tilværa, kva dei vil drive med. Andre treng oppfølging på heilt andre område enn det skulen kan tilby. Gjennom diskusjonen om fråfall stigmatiserer og problematiserer vi ungdom som vil klare seg særs godt i samfunnet, om dei til dømes får litt tid på seg.
Skulen kan ikkje, og skal ikkje, vere løysinga for alle. Venstre er det politiske partiet som kan ta denne diskusjonen med truverde, med omsyn til både elevar og lærarar, og som kan bidra til gode politiske løysingar.
Så må eg sei litt om samferdsel ☺
I 2040 vil det vere om lag 249.000 kollektivreiser kvar dag i Hordaland! Uansett kva ein meiner om prognoser, veit vi meir enn nok til at vi må ha ei kraftig satsing på kollektivtrafikken framover, og den må starte no.
Så er det og godt kjent at kvar kollektivreise kostar om lag 10 kr i driftsstøtte. Ein treng ikkje doktorgrad i matte for å sjå at finansiering er den kontinuerlige store utfordringa her og. Her er det avgjerdande at vi finn løysingar saman med våre nasjonale politikarar, og at vi klarer å prioritere. Vi har dei siste åra hatt ein god vekst i kollektivbruken i Bergensregionen, ikkje minst på grunn av bybanen, og vi i Venstre vil gjerne at denne veksten skal fortsette. Derfor må vi finne gode løysingar som muliggjer dette.
I 2011 gikk vi til val på gode løysingar for offentleg transport, særleg i Bergensregionen, og eit effektivt vegnett og gode ferjesamband i distrikta. Vi skal i løpet av denne våren, fram mot fylkestinget i juni, handsame kollektivstrategi for Hordaland. Denne strategien vil legge grunnlaget for kollektivsystemet og prioriteringane i tida som kjem. Eg håpar mange av dåke vil vere gode bidragsytarar i den prosessen.
Eit av hovudtemaene på dette årsmøtet er lokaldemokrati og kommunestruktur. Eg håpar og trur at Venstre i denne debatten og vil stå fram som det reflekterte partiet med turverdige løysingar. Og la det vere sagt med ein gong — eg meiner vi treng ein strukturendring. Vi har hatt store endringar på nesten alle samfunnsområde. Det er å stikke hovudet i sanden å tru at ikkje forvaltningsnivå og treng ei modernisering. Det har overraska meg ganske ofte at lokalsamfunn kjempar i år og tiår for betre kommunikasjonar utan å sjå kva endringar det nødvendigvis vil føre til. Når reisetida mellom to skular blir redusert frå 1,5 time til 20 minutt då blir det veldig ofte naturleg å ha berre ein skule. Dette er berre eit eksempel på dei strukturendringane vi alt har sett mange av. Både lokalt og regionalt må vi tilpassa oss utviklinga, for å få dei gode lokalsamfunna vi ønskjer oss, og ha tenester som er relevant for dei som treng dei.
I stortingsvalprogrammet har vi lagt eit godt grunnlag for ein framtidig struktur lokalt og regionalt. Eg håpar det i tida som kjem er mange modige venstrepolitikarar som vil vere med på å prøve ut nye løysingar.
Så ei påminning til slutt:
Venstre si fylkestingsgruppe turte å ta ein posisjon i fylkespolitikken når vi fekk sjansen. Det ser vi alt mange gode resultat av. Vi får gjennomført Venstrepolitikk, og er det ikkje derfor vi alle engasjerer oss? Ta dette med inn i dei lokale nominasjonsdiskusjonane og den kommande valkampen. Vis at vi vil, vi kan og at vi har gode løysingar!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**