forslaget (med noen små justeringar) i bystyret saman med Sosialistisk Venstreparti og Penjonistpartiet. I siste avstemmingsgrunde slutta også Høgre seg til forslaget. men vi tapte altså.
Nå er det gått noen runder til, og utbygginga er nedjustert noe.
Dagens sak i bystyret handlar om den framforhandla utbyggingsavtalen, sa Jan Kløvstad på vegner av Venstre i bystyredebatten. Fleire har hevda at avtaleforslaget gir utbyggar urimelege store fordelar.
Han stilte kontrollspørsmål til rådmannen om det er noe i avtaleforslaget som er forskjellig frå avtalene om utbygging i Kunnskapshavna og for Havnegården. Rådmannen svarte at det einaste som er forskjellig er at Barbu Brygge AS tar på seg større ansvar for infrastruktur enn kommunens avtalepartar i dei to andre utbyggingane, og at byggestartkrav natuleg nok er justert utfrå nytt nasjonalt regelverk.
Jan Kløvstad konkluderte med at Venstre støttar utbyggingsavtalen.
Ved avstemming var det overveldande fleirtal for å vedta utbyggingsavtalen. Berre SV, Senterpartiet og fire i Arbeidarpartiet stemte mot.
Med dette kan utbygginga kome i gang. Og så kjem Vensre tilbake til konstruktive forslag for å gjere kommunens eigedom på vestbredden – området vest for Barbuelva – grønnare enn det som ligg i planen nå. Etter at Venstre lanserte dette forlsaget i fjor har stadig fleire i bystyret støtta det.