Radøy kommune må ta initiativ for å få apotek

Radøy Venstre sitt årsmøte: Radøy Venstre meiner Radøy kommune må ta initiativ for å få etablert apotek på Manger i samarbeid med dei næringsdrivande i Manger senter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I følgje tettstadundersøkinga til Hordaland fylkeskommune blir apotekvarer vurdert som nest viktigast å ha tilgang til etter daglegvarer. Samstundes inneber samhandlingsreforma at pasientar raskare skal ut frå sjukehusa for å vidarebehandlast i heimkommunen, noko som også gjer at det er auka behov for tilgang til medisinar. Dessutan meiner Radøy venstre at etablering av eit apotek i seg sjølv vere eit viktig tiltak for å vidareutvikle Manger senter, og vil kunne føre til auka handel.

Radøy Venstre meiner såleis det er mange grunnar for at eit apotek på Manger vil vere positivt for Radøy. Det må også leggjast til at eit apotek er underlagt eit særskilt regelverk, som mellom anna gjer at apotek i distrikta med meir enn 20 km til neste apotek kan få driftsstøtte frå Statens legemiddelverk. Frå Manger til dei næraste apoteka er det lenger enn dette, og eit eventuelt apotek på Manger vil dermed kunne få ei slik driftstøtte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**