Referat frå årsmøtet

Sogndal Venstre sitt årsmøte 2014

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Stad: Sogndal bibliotek
Tid: tysdag den 28. januar kl. 19:00 — 21:45
Frammøtte: 11 personar

Sogndal Venstre sin miljøpris gjekk i 2013 til Sogndal Bibliotek for innsatsen deira for ein miljøskapande møteplass i Sogndal. Bjørg Rimeslåtten holdt ein flott tale til prisvinnaren. Vi gratulerer!

Lokallaget feira også Venstre sitt jubileum, på dagen 130 år sidan stiftinga i 1884. Vi feira med marsipankake og eit historisk tilbakeblikk.
Årsmøtereferat

1.
a) Merknad til innkallinga: Ingen merknadar
b) Merknad til sakslista: Ingen merknadar
c) Val av møteleiar: Forslag om Hans Haugen. Samrøystes vedteke
d) Val av referent: Forslag om Maria Knagenhjelm. Samrøystes vedteke
e) Val av to medlem til å underskrive møteboka: Forslag om Eva Ramstad og Ingunn Torstad Løvik. Samrøystes vedteke

2. Årsmelding med rapport frå gruppeleiar
Rapporten frå gruppeleiar Eva Ramstad vart lest opp og delt ut til alle frammøtte. Årsmeldinga vart summert opp og kommentert, nokre endringar vart vedteke. Framlegg frå Bjørg Rimeslåtten om å stryke oppnemningane til rettsinstansane i årsrapporten. Framlegget falt. Framlegg frå Maria Knagenhjelm om å halde på oppnemningane i årsrapporten, men å endre ordlyden. Sjå vedlegg 1 for heile årsrapporten og vedlegg 2 for rapporten frå gruppeleiar.

3. Rekneskap
Rekneskapet til Sogndal Venstre vart godkjent av årsmøtet, med atterhald om revisorane si godkjenning (som ikkje var komme styret i hende før årsmøtet).

4. Kontingent
Årsmøtet vedtok at medlemskontingenten for 2014 for Sogndal Venstre sine medlem framleis skal vere kr 300,- (altså inga endring frå tidlegare år).

5. Val av to utsendingar til fylkesårsmøtet

Fylkesårsmøtet er i Balestrand den 1. og 2. februar. Framlegg om Eva Ramstad og Maria Knagenhjelm, med Hans Haugen som vara. Samrøystes vedteke.

6. Matøkt

7. Val
Disse vart samrøystes valt av årsmøtet til å inneha verv i Sogndal Venstre:

Styret: Hans I Haugen (leiar), Maria C. Knagenhjelm (nestleiar), Eva Ramstad, Morten Slinde, Else Mundal

Vara til styret: Ingun Torstad Løvik, Leila Wigum, Torbjørn Dale

Valnemnd: Luis Anda, Nils Tore Oppheim

Revisorar: Nils Tore Opheim, Jon Farestveit

Utsendingar til fylkesårsmøte i Balestrand: Eva Ramstad og Maria Knagenhjelm, med Hans Haugen som vara.

8. Politiske fråsegner
Inga konkrete fråsegn vart diskutert. Eva Ramstad viste til rapporten frå gruppeleiaren.

9. VO-utval
Framlegg om at styret fungerer som VO-utval. Samrøystes vedteke.

10. Sogndal Venstre sine viktige saker framover i 2014
Eva Ramstad meinte at SHOS kom til å bli ei viktig sak for Venstre å markere seg på,ikkje minst vidare med bruk av prestbustaden

11. Nye vedtekter
Styret skal sjå på vedtektene og vurdere ein oppdatering av disse. På fylkesårsmøtet vil vedtekter både for fylkeslag og lokallag bli diskutert, og styret føl opp saka vidare utover året.
Anna: Else Mundal tar ansvar for å holde heimesida til Sogndal Venstre oppdatert.

Gaupne, 29. jan.2014 -Maria Knagenhjelm, ref.
sign. Eva Ramstad
sign. Ingun Torstad Løvik

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**