Årsmelding

Årsmelding 2013 for Sogndal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Styret har vore samansett slik:

Leiar: Hans I Haugen. Nestleiar: Maria C. Knagenhjelm. Økonomiansvarleg: Morten Slinde. Systemansvarleg: Jan-Erik Kvåle Medlem: Eva Ramstad.
Varamedlemer: Ingun Torstad Løvik, Laila Wigum og Torbjørn Dale.

Eva Ramstad er gruppeleiar for kommunestyregruppa til Sogndal Venstre som består av Eva Ramstad og Hans I Haugen, som er faste medlemer i kommunestyret og Ida Johanne Ulvik, Bjørg Rimeslaatten, Maria C. Knagenhjelm, Hanne Haugen og Jan Erik Kvåle, som er vararepesentantar. To av vararepesentantane, Ida Johanne Ulvik og Jan Erik Kvåle, har flytta frå Sogndal. Ida har forsatt bustad i Sogndal og har søkt om fritak. Her må det takast inn nye varafolk.

Laget har hatt 6 styremøte og 3 kombinerte styre/medlemsmøte. Møta har vore på kantina på kommunehuset. Det har i året som har gått vore 2 sammøte med Luster, Lærdal, Leikanger, Vik og Balestrand Venstre. Saker på desse møta har vore samferdsle, skule, flyktningar, samhandling og forurensing i fjordane.

Det har i også 2013 komme til fleire nye medlemer. Me ynskjer desse velkomne i Sogndal Venstre. Men det har gått ut 5 medlemer som har flytta frå Sogndal. Det er ein del magel på innbetaling frå gamle medlemskontigentar så talet betalande medlemer er redusert til 21.

I 2013 har Sogndal Venstre vore representert i følgjande styre/råd/utval:

Eva Ramstad: Medlem i kommunestyret
Medlem i formannskapet.
Medlem i valstyret
Medlem i samarbeidsutvalet for Kaupanger Skule
Gruppeleiar for Sogndal Venstre
Varamedlem i administrasjonsutvalet
Medlem i styret for eigedomsselskapet kulturhuset
Medlem i styret for Sogneprodukt
Hans I Haugen: Medlem i kommunestyret.
Vara til formannskapet
Vara til forvaltningsutvalet.
Vara til valstyret
Vara til eldrerådet
Vara til heimevernsnemnda
Vara til sakkunnig takstnemnd for eigedomsskatt
Ida Johanne Ulvik: (søkt om fritak) 1.Vara til kommunestyret
Medlem i sakkunnig klagenemnd for eigedomsskatt
Bjørg Rimeslåtten: 2.Vara til kommunestyret
Vara i kontrollutvalet
Maria Knagenhjelm: 3.Vara til kommunestyret
Hanne Haugen: 4.Vara til kommunestyret
Jan Erik Kvåle: (meldt flytting) 5.Vara til kommunestyret
Vara til kontrollutvalet
Kristian Systad: Vara til sakkunnig klagenemnd for eigedomsskatt
Ingun Torstad Løvik: Medlem i innkvarteringsnemnd
Gunvor Haugen: Medlem i innkvarteringsnemd
Øyvind Barsnes: Styreleiar Chr.leigh`s legat
Nils Tore Opheim: Medlem Henrik Mohn Dahls legat

I tillegg har kommunestyret i Sogndal oppnemnt personar til følgjande posisjonar, etter forslag frå Sogndal Venstre:
Meddommar i Sogn Tingrett: Maria Knagenhjelm, Hanne Haugen, Kristian Systad, Ingunn Torstad Løvik, Trude Ramstad.
Skjønnsmann i Indre Sogn Jordskifterett: Maria Knagenhjelm, Hanne Haugen, Ingunn Torstad Løvik

Sogndal Venstre sine aktivitetar politisk i 2013:

Året har bore preg av ein hektisk valkamp, med møte, paneldebattar og stand. Leikanger, Luster og Sogndal har samarbeida godt, noko som kan føre til eit vidare samarbeid. Helga 25.-26. mai var det valkampmøte på Skei, der det var lagt fram planar for gjennomføring av valkampen. Sogndal Venstre var representert med 3 deltakarar.

Valsetlane og valbrosjyrane vart sende frå sentralt hald direkte til husstandane, medan det vart delt ut brosjyrar på stand og på valdebattar, Venstre stilte på paneldebatt på skulevalet ved Sogndal vidaregåande, på Meieriet og på Helgheim. Peder Hauge frå valkamputvalet var med på fleire stand. Marianne Øren stilte på Storsenteret, der me hadde stand kvar laurdag dei siste 5 vekene før valet. Her møtte fleire av medlemene i Sogndal Venstre opp og delte ut brosjyrar. Det var også stand på Kaupanger og i Fjærland. Laget vil takke alle som var med.

Sveinung Rotevatn var på storsenteret for å prate med folk og på Meieriet på paneldebatten der, og imponerte pressa med kjappe og gode innlegg og replikkar.

Valet førte Sveinung inn på tinget då Venstre i Sogn og Fjordane fekk utjamningsmandat. Venstre i Sogn og Fjordane fekk 6,3% av stemmene på fylkesnivå, ein auke på 3% frå 2009.

Sogndal Venstre dobla talet venstrestemmer frå 2009, eit resultat me tykkjer er bra. Det er likevel potensiale til å auke endå meir. For det er svært mange som meinar Venstre er eit ryddig og godt parti.

27. mai var Sveinung Rotevatn og Terje Breivik på besøk. Og Sogndal Venstre viste fram fleire småbedrifter. Blant anna var me på Skjær, der dei fekk ei svært god innføring i forsking på oppdrettsfisk av Petter Hovgaard. På Campus Fosshaugane var ein på fleire bedrifter bl.a. Sogndal Fotball, Distriktsenteret og Sol Vest.

Sogndal Venstre har vore aktivt med i mange utfordringar i lokalsamfunnet, som Fjordkonferansen som Torbjørn Dale har fått i stand den 6.juni i 2014. Der vil representantar frå fleire land vere til stades. Mundal sentrum og utviklinga av denne har no komme i gang, Prestebustaden i Sogndal og SHOS- utbygging, og elles mange saker som kjem fram i eigen rapport frå gruppeleiar i kommunestyregruppa.

Stortingsmann Sveinung Rotevatn var på omvising på Høgskulen i Sogndal 29. november. Sogndal Venstre nytta då høvet til å halde eit ope møte på Helgheim. Det var ein fredagskveld, så det var ikkje så mykje folk der, men bondlagsleiaren frå fylket var der, og det vart utveksla synspunkt i aktuelle saker. Maria Knagenhjelm tok opp problemet med reduserte løyvingar til nasjonalparkane.
Sveinung Rotevatn presiserte kor viktig det var at han fekk tilbakemeldingar og forslag frå medlemene.

Miljøprisen 2013
Sogndal Venstre sin miljøpris for 2013 vil bli delt ut på årsmøtet.

For styret i Sogndal Venstre
Hans I Haugen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**