Uttale: Sykkel er framtida

Opninga av Vangstunnelen er kanskje det viktigaste som har skjedd for utviklinga i Voss sentrum sidan attreisinga etter krigen. Voss Venstre gler seg over prosessane der framtida til Vossevangen ligg i støypeskeia.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Området rundt Vossevangen kan oppleva sterk vekst i tida som kjem. Dersom trafikkauken dette medfører skal takast med personbil, vil Vossevangen etter kort tid atter ein gong framstå som eit sterkt trafikkert vegkryss.

Voss Venstre vil arbeida for at folk går og syklar meir til jobb og skule. Sykkel eller el-sykkel må verta det naturlege valet på skule- og arbeidsreiser under 5 km. Ein veit at betre tilrettelegging fører til meir bruk. Dette krev høgare ambisjonar og modige val – både pisk og gulrot. Det vil krevja at ein tar vegareal og parkeringsplassar frå bilistane og gir til syklistane. For Voss Venstre er dette valet lett å ta for eit betre nærmiljø, betre klima og sunne og glade medelevar og kollegaar!

Les meir om saka på avisa «Hordaland» si nettside

Uttale og resolusjon vedtatt av årsmøtet i Voss Venstre 27.1.2014

Voss Sykkel Nestås

Foto: Vidar Herre/Avisa «Hordaland»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**