Uttalelse: Stopp vald og undertrykking

Årsmøtet 2014 i Møre og Romsdal Venstre ber om at Regjering og Storting setter arbeid mot vald og undertrykking høgst på dagsorden knytta til internasjonal påverknad. Venstre skal vere ein pådrivar og påminnar når det gjeld å betre tilhøva for dei mange som lid urett rundt i verda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Politisk uttalelse vedtatt 26.01.14 på årsmøte 2014 Møre og Romsdal Venstre:

STOPP VALD OG UNDERTRYKKING

Krig, vald og undertrykking — fengsling og tortur skjer svært mange stader i verda.
Viktige menneskerettar vert brotne og trakka på dagleg.

Den seinaste tida har media fokusert særleg på overgrep og lidingar i Syria og Sør-Sudan.
Kvinner og barn er særs ofte mellom dei som er råka.

Møre og Romsdal Venstre vil be om at alle offentlege instansar – med Regjeringa i spissen nyttar alle kanalar slik at Norge aktivt kan bidra til at alle desse umenneskelege lidingane vert reduserte og aller helst fjerna.

Regjering og Storting må setje dette høgst på dagsorden i sitt arbeid knytta til internasjonal påverknad. Til ei kvar tid må dette vere arbeid som må prioriterast. Venstre skal vere ein pådrivar og påminnar når det gjeld å betre tilhøva for dei mange som lid urett rundt i verda.

 FNs Menneskerettighetskonvensjoner. Plakat fra debatt Menneskerettigheter på årsmøtet 2014

FNs Menneskerettighetskonvensjoner. Plakat fra debatt Menneskerettigheter på årsmøtet 2014
Foto: rh

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**